Hopp til innhold

Færre blir døypte – kyrkja startar offensiv

Søndag starta kyrkja ein offensiv for å få fleire døypt. Framsnakking på sosiale medium er eit av våpena til kyrkja.

Den Norske Kirke

NEDGANG: Færre vel dåp for barna sine. Det gjer at kyrkja set inn tiltak, deriblant å snakke fram dåp og bruke sosiale medium.

Foto: skjermdump

– Det har vore ein vekkar.

Det seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug om at stadig færre blir døypte i den norske kyrkja.

I 2018 vart 28 597 døypte i Noreg. Nesten åtte tusen færre enn i 2013. Kyrkja tek innover seg at trenden held fram, og i helga starta ein offensiv for å få fleire born døypte.

– Vi er vane med at folk kom av seg sjølve til dåp, slik har det jo vore tidlegare. Slik er det ikkje no lenger og det er ein situasjon vi må ta som ei utfordring.

Nedgangen er størst i byane. I Fana prosti gjekk tal døypte ned med 17 prosent frå 2016 til 2017. I Nordfjord prosti gjekk det berre ned med 5,9 prosent. No vil kyrkja at folk skal velje dei ikkje berre når livet er krevjande.

– Det norske samfunnet er eit samfunn det er å godt å vere i. Det er gjerne når livet blir krevjande at folk stiller spørsmål etter gud. Men vi må prøve å nå dei på dei gode dagane, seier biskopen.

Biskop Halvor Nordhaug

BISKOP: Halvor Nordhaug seier Sunnhordland har hatt ein viss oppgang. – Dei har satsa mykje på dåp i 2019, og det har gitt resultat.

Foto: Presse

Droppa seremonien

Siri Espedal Vold og sambuaren valde å ikkje døype ungane sine. For dei handla det om å ikkje gjere noko for ungane som dei sjølve ikkje var overtydde om.

– Eg synest kyrkja er ein fin tradisjonsbyggjar og likar den høgtidelege stemninga som det gjev, men vi fall på at det ikkje var riktig sidan vi ikkje trur.

Paret hadde i staden ein fest heime utan nokon offisiell seremoni. For oldeforeldra var det overraskande at oldebarna ikkje skulle døypast, men ingen av familie eller vener var negative til at paret droppa dåpen.

– Dei lurte litt på kva dei skulle ha på seg, og korleis vi hadde tenkt å gjere det.

Ho er glad dei gjorde det slik – og fordi det vart mykje enklare på denne måten.

Namnefest for Einar

DROPPA DÅPEN: Sondre Dalaker, Einar og Siri E. Vold. – Vi ville ha markeringa med å ha fadrar. Vi ønskjer å ha nokre slike personar som ein del av ungane sitt liv, den heideren det å vere fadder er.

Foto: privat

Skal gjere det enklare

Biskopen trur det er fleire årsaker til at færre vel kyrkja. Ein er det presset som ligg med å feire dåpen.

– Det har blitt eit press at det skal vere så flotte dåpsselskap. Ikkje alle har krefter eller økonomi til å lage slike selskap.

Fleire stader har kyrkja no starta med drop in-dåp. Det inneber ein kort samtale med prest før det blir gjennomført ein enkel seremoni. På den måten blir det så enkelt som mogleg.

– Er det utfordrande å vere biskop når det går denne vegen?

– Jo, men det er kjempespennande. Eg er veldig heldig som får vere biskop i ei tid der ting er i bevegelse. Kvar tid har si utfordring, og dette er vår tids utfordring. Vi må vere til stades der.

Siri Espedal Vold er sambuar med NRK-journalist Sondre Dalaker.