Hopp til innhold

Få kommunar ynskjer asylmottak

Berre ni av 59 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane seier ja til nytt asylmottak.

(Illustrasjonsfoto)

Illustrasjon

Foto: Martin Kierstein

Den kraftige auken av asylsøkjarar til Norge har ført til at UDI nyleg sende brev til alle norske kommunar med bøn om å vere med på ein nasjonal dugnad .

Totalt treng Norge 9000 nye mottaksplassar i år. Til no er det berre oppretta 4000.

Berge er ikkje skuffa

Ei ringerunde som Bergens Tidende har gjort til samtlege 59 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane, viser at berre ni kommunar er positive til oppmodinga.

- Eg skulle gjerne sett at fleire var positive, men eg trur ikkje eg skal vere så skuffa, seier regiondirektør Atle Berge i UDI Vest.

33 seier nei

Berge trøstar seg med at ein sjettedel av kommunane svarar ja, på trass av mykje negativt mediefokus på asylmottak.

Dessutan seier 17 kommunar at dei ikkje veit kva dei skal svare UDI, eller at førespurnaden ikkje er handsama enno. 33 kommunar svarar nei.

Fire positive

I Sogn og Fjordane er det berre Eid, Flora, Førde og Gulen som er positive til asylmottak. Bergen, Bømlo, Stord, Tysnes og Voss kommunar er positive i Hordaland.

Undersøkinga gjenspeglar langt på veg mottakinga som Lopex har fått i Sogn og Fjordane. Firmaet planlegg tre nye mottak i fylket. Både Bremanger og Aurland er skeptiske til planane.

Avtale i boks

I Stryn var både bygdefolk og kommune i mot å plassere over 100 asylsøkjarar i kommunen, på trass av sterk oppmoding frå SOS Rasisme.

I Kalvåg har Lopex allereie signert avtale om asylmottak med 16 plassar i Gamleskulen. I tillegg ser firmaet føre seg å leige bustadar til asylsøkjarar.

Negative i Eivindvik

Leiaren av velforeininga i Eivindvik, Hendry Indrebø, har til nordhordaland.no sagt at 70 asylsøkjarar til den vesle bygda er alt for mykje .

- Vi vil gjerne hjelpa, men ti er eit meir passande tal enn 70 i Eivindvik, sa han.