Hopp til innhold

Skeptiske til asylmottak

Bremanger og Aurland er skeptiske til asylmottak. Gulen er meir positiv.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Bremanger slit tungt økonomisk etter Terra-skandalen, og Ap-ordførar Kåre Olav Svarstad fryktar at eit asylmottak vil gå ut over det resterande tenestetilbodet i kommunen.

- Vi kan kome opp i situasjonar der vi må skjere ned på andre tilbod for å oppretthalde tilbodet til asylsøkjarane. Og då kan det bli problematisk, seier han.

200 plassar

Det er selskapet Lopex, som mellom anna driv asylmottak i Sogndal, som har planar om å opprette mottak i Gudvangen og Aurland sentrum, Kalvåg i Bremanger og Eivindvik i Gulen. Ingen kontraktar er så langt inngått, men Lopex har som mål å få dei planlagde mottaka, som vil huse til saman 200 asylsøkjarar, i drift så snart som råd. Sjå Planlegg tre nye mottak

Det blir jobba for å få på plass 70 mottaksplassar i Bremanger, noko Svartstad meiner er altfor mange.

Etterlyser meir informasjon

Ap-varaordførar Ottar Steine frå Aurland etterlyser langt meir informasjon frå UDI om planane for asylmottak i kommunen.

- Eg har ikkje hørt noko anna enn at det er snakk om noko i Aurland og i Gudvangen. Og det er alt eg veit i denne saka. Så eg forventar eigentleg at det kjem skikkeleg informasjon til kommunen, så vi kan få handsama dette politisk, seier han.

KrF-ordførar Trude Brosvik i Gulen har ei langt meir open og positiv haldning til asyl-planane enn kollegane i Aurland og Bremanger.

- Vi har jo eit ansvar i forhold til asylsøkjarar, så eg er open for å få vite meir, seier ho.