Skule blir truleg asylmottak

Gamleskolen i Kalvåg i Bremanger blir truleg asylmottak.

gamalt skulebygg

Gamleskolen i Kalvåg blir truleg asylmottak.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Representantar frå selskapet Lopex og eigarane av skulen skal etter planen kome fram til ein intensjonsavtale i kveld.

Det stadfestar Hroar Espeland i Lopex.

I tillegg til 16 plassar i skulebygget, planlegg Lopex å plassere asylantar kring om i ulike bustadhus i Bremanger.