Hopp til innhold

Evakuerte får flytte heim igjen

Dei 50 personane som måndag måtte evakuera heimane sine ulike stader i Nordfjord, har fått flytte heim igjen.

Det kom store nedbørsmengder natt til måndag og fleire vegar i Nordfjord blei stengde. 50 personar frå Blakset, Markane og Lote blei evakuerte på grunn av all nedbøren.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Hans Petter Harlem, seier at elvane har trekt seg tilbake og faren for ny flaum og skred er liten.

– Vi har hatt kontakt med geolog og med vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga som opplyser at det vil bli med mykje mindre nedbør i dagane framover. På bakgrunn av dette har politimeisteren i Sogn og Fjordane oppheva evakueringa.

Video 50 vart evakuert ved Nordfjorden

SJÅ TV-SAKA: 50 blei evakuert ved Nordfjorden.