Store nedbørsmengder har skapt store problem på vegane i fylket måndag. Mellom anna har E39 vore stengd fleire stader i dag. I alt 43 personar på Blakset, Markane og Lote vart evakuerte grunna dei store nedbørsmengdene i natt.
Ser ut til å minke
Vakthavande hydrolog i NVE, Erik Holmkvist, seier det framleis er mykje vatn i elvane.
– Men det ser betre ut for Sogn og Fjordane utover ettermiddagen og kvelden. Intensiteten til nedbøren ser ut til å minke og i alle fall i småbekkar kan vassføringa fort gå ned, seier han.
- LES OGSÅ:
– Meld frå dersom du fryktar ras
Det var i natt og i morgontimane at vassføringa i småbekkane var størst. Holmkvist trur vatnet snart vil gå tilbake til normalen.
– Det er forskjellig i ulike typar vassdrag. Nokre vassdrag reagerer seinare og der vil det framleis bli ein auke. Men i mange mindre vassdrag vil det nok bli mindre vatn.
– Er det noko spesielt folk må tenkje på når vatnet går tilbake?
– Dersom det har vore erosjonsskadar og utgraving langs bekkar, kan det vere lurt å gi beskjed til beredskapsansvarleg i kommunen om det. Folk må også gi beskjed dersom ein er utrygge og fryktar ras, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Hydrologen trur at sjølv om det blir rolegare i vassdraga tysdag, vil det framleis vere stor vassføring i brevassdrag.
– Der blir det både snøsmelting og regn og vêret vi har hatt vi bidra til å halde høg vassføring.
Stengde vegar
E 39 mellom Lote og Folkestad er open igjen etter å ha vore stengd på grunn av flaum. Det er innsnevringar i køyrebana på grunn av oppryddingsarbeid, men trafikken flyt fint opplyser, Statens vegvesen.
Fylkesveg 613 er stengd mellom Tvinnreim og Blekesvingen, denne vert ikkje opna igjen i dag. Også fylkesveg 655 ved Heggjadalen i Eid vert steng ut dagen.