Hopp til innhold

No kjem den kalde fine tida

Etter ei veke med rufsevêr mange stadar er det fine vintervêret tilbake – over heile landet – i helga.

Snøbilete frå Flå i Hallingdal

Til helga blir det kaldt, fint vintervêr. Og kanskje fleire snøfigurar, som her i Flå i Hallingdal.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Trafikkulykker, skred, glatte vegar og stengde vegar – mykje nedbør og vind har skapt trøbbel for trafikk og folk mange stadar denne veka.

Men til helga kjem vintervêret tilbake.

Lågtrykka trekker seg vidare austover, noko som opnar opp for meir høgtrykksaktivitet.

Då er det venta klarvêr og kalde temperaturar.

– Det blir kaldare i heile landet frå laurdag og utover, seier statsmeteorolog Elbjørg Moxnes.

Sol i Flå i Hallingdal

Vinteren har allereie kome til Flå i Hallingdal. Til helga kan det bli slik over store delar av landet.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Kaldt og tørt

Det kan bli temperaturar ned mot minus fem til minus ti grader for Aust- og Vestlandet.

I kystområda er det venta rundt null til eit par minusgradar.

– Det blir generelt vinterleg og ganske roleg vêr i helga, seier Moxnes.

Det er venta lite nedbør og vind i heile landet.

Det kan likevel komme litt nedbør i Nord-Noreg og Vestlandet sør for Stad på søndag.

Sola tittar fram ved den berømte Mollestadeika ved Vennesla.

Vintersola tittar fram ved den berømte Mollestadeika, som er rundt 1.000 år gamal og ligg i Birkenes kommune i Agder.

Foto: Siv Bente Ulvestad

Skianlegga jublar

Det kalde vêret er godt nytt for alpinanlegga.

I Myrkdalen på Voss opna skianlegget allereie førre veke, men då med kunstsnø som utgangspunkt.

Myrkdalen skisenter

Det har komme meir snø i Myrkdalen i nærleiken av Voss.

Foto: Privat

Dagleg leiar for skiheisane i Myrkdalen, John Ivar Nordheim, gler seg over snøen som har kome dei siste dagane – og finvêret som kjem til helga.

Dette er heilt topp. Det snør som berre rakkaren, så no jublar vi.

Generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar stadfestar at det har vore ein god sesongstart mange stadar.

Det er gledeleg at det er gode vinterlege forhold. Det er ein veldig, veldig god start på sesongen.

Ho fortel at nokre skianlegg opna førre helg, og enda fleire opnar til helga.

Det er ei travel, men gøyal tid. Alle har gledd seg til dette.

Les også Vogntog kjørte inn i veggen på en bensinstasjon: – Skøyteis, sier politiet

Vogntog kjørte inn i en vegg på en bensinstasjon på Lundamo.