Hopp til innhold

«Om du møter ei kjerring og giftar deg, så spring no vekk om ho står der og kjeftar»

– Ja mor. Det er mange gode grunnar til å springe. Eg skal finne alle saman.

Teaterstykket om Mensen Ernst

PREMIERE: Denne veka er det duka for premiere på teaterstykket om Mensen Ernst.

Foto: Pressefoto

Med desse orda sender Sogn og Fjordane Teater og Kyrre Eikås Ottersen løvekongen Mensen Ernst (1795–1843) ut i den store vide verda.

Og karen frå Fresvik i Sogn vart etter kvart kjend i heile Europa. Etter urpremiere torsdag i Førdehuset, skal teaterstykket ut på landevegen til 31. oktober.

– Vi ligg veldig godt an, og eg er veldig nøgd. No blir det første publikumsprøve i morgon og premiere torsdag. Så vi er der vi skal vere, seier regissør Otto Homlung etter pressevisninga måndag.

Måtte google

Otto Homlung

REGI: Otto Homlung.

Foto: Alf Vidar Snæland

Stykket fortel historia om sjømannen og vandraren frå Vik, som vart Norges første profesjonelle idrettsutøvar. Men for ein oslogut frå Frogner, som knapt nok har jogga i Frognerparken, var ikkje Mensen Ernst den Homlung kjende best til.

Likevel var han ikkje i stuss då han fekk spørsmål frå Terje Lyngstad om å kome attende til Sogn og Fjordane Teater etter Brenning-oppsettinga.

– Eg googla Ernst og fann at det var stoff som ropte etter ein scenisk versjon. Dette er ein mann som sprang frå Paris til Moskva på 14 dagar. Ein person som spring 114 kilometer i snitt per dag, må vere eit spesielt menneske, seier han.

– Fascinerande

Handlinga startar i Fresvik, men publikum blir mellom anna tekne med til England der dei 116 kilometerane frå London til Portsmouth vart Ernst sitt første lange løp.

(Artikkelen held fram under videoen)

Denne veka er det duka for premiere på teaterstykket om Mensen Ernst. Deretter ventar oppsetting 17 stader i fylket.

SJÅ VIDEO: Gjennom teaterstykket, skal Mensen Ernst på vegane att i haust. Her kan du få ein forsmak på teaterstykket.

Homlung meiner stykket er folkeleg og morosamt og skildrar det som «teikneserieaktig». Regissøren fortel om ein fascinerande sogning.

– Han var absolutt dåtidas kjendis. Hadde oppvisningar kring om i heile Europa, laga løp og hadde ein omgangskrins med kongar, hertugar, prinsar og prinsesser, seier han.

I betre form

Kyrre Eikås Ottersen som Mensen Ernst

PÅFUGLDRAKT: Kyrre Eikås Ottersen i rolla som Mensen Ernst.

Foto: Pressefoto

Det er Kyrre Eikås Ottersen frå Jølster som har æra å spele den absolutt største kjendisen frå Sogn og Fjordane. Som teatersjef Terje Lyngstad har gjort gjennom heile året, må skodespelaren springe i påfugldrakta.

Dog på ei tredemølle – medan han framfører replikkane.

– Det var heftig i byrjinga å skulle springe samstundes som eg snakka til eit publikum. Men no mot slutten av prøvetida trur eg vi skal få fram historia, seier han og vedgår at rolla har fått han i betre form.

Høg på seg sjølv

Eikås Ottersen tykkjer det er spennande å spele ein karrieresøkjande vikje, som var litt høg på seg sjølv.

Teaterstykke om Mensen Ernst

TREDEMØLLE: Kyrre Eikås Ottersen har, som Mensen Ernst, lagt bak seg ein del timar på tredemølla.

Foto: Pressefoto

– Det er berre å la det stå til. Han dreiv PR for seg sjølv, knytte kontaktar med adelege og kom seg fram. Utgangspunktet hans var jo ganske skrint, frå fattig bakgrunn i Sogn. Det er berre for meg å køyre på, seier han og tykkjer det er kjekt at teateret set opp eit stykke om ein så spektakulær person som Ernst.

– Sprang av mange årsaker

Stykket skal setjast opp 17 gonger i Sogn og Fjordane, og ein gong i Olivinhallen på Åheim. Homlung håpar publikum tek imot sjansen til å møte ein historisk person som sprang av veldig mange årsaker.

– Han sprang for å vise foreldra sine at han verkeleg kunne. Han ville vise heimbygda si at han kunne bli til noko og sprang sikkert frå mykje angst, depresjon og tunge tankar, seier han.

– Han sprang etter sitt eige liv og hadde sett seg som mål å finne Nilens kjelde. Det klarte han ikkje, men han var veldig nær. Han døydde av dysenteri i Saharas ørken, avsluttar regissøren.

Terje Lyngstad, i "Mensen Ernst-drakt" har lagt ut på si sju dagar lange reise gjennom Sogn og Fjordane. Ei reise han tek både for å heidre løpskongen frå Fresvik, men også for å feire at Sogn og Fjordane er 250 år.

SJÅ VIDEO: Slik kan det ha sett ut då Mensen Ernst sprang gjennom Europa. Terje Lyngstad sprang gjennom Sogn og Fjordane.