Hopp til innhold

Feirar språkåret og fylket sine 250 år med fleire urpremierar

Sogn og Fjordane Teater set i 2013 opp eigen versjon av «My Fair Lady» og teaterstykke om sjølvaste løparkongen Mensen Ernst.

Marita Liabø

NY VERSJON: Marita Liabø har skrive ein ny vri på musikalen «My Fair Lady».

Foto: Marte Halsør / NRK

Det er mykje spennande i vente for teaterinteresserte i fylket.

For i dag presenterte Sogn og Fjordane Teater sitt program for 2013.

Teateret set opp 10 framsyningar i 2013, og heile 4 av dei er urpremierar.

Fyrst ut er ein eigen versjon av musikalen «My Fair Lady».

Den har fått namnet «My Fair Lady goes Sogn og Fjordane».

Set fokus på språk

– Vi har laga ein egen tekst og vi snur litt på flisa i denne oppsetjinga. Frå Austlandet kjem det ei ung jente frå Frogner, som hamnar på den fiktive plassen Framdalen i Sogn og Fjordane, fortel teatersjef Terje Lyngstad.

Lise Mindresen som må flytte frå aust til vest, har snobbete vanar og blir fort til ein irritasjon for lokalbefolkninga i Framdalen.

Språkåret er ei markering av at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.

– På denne måten ynskjer me å setje eit fokus på språket og fordommar mellom det austnorske og vestnorske. Me prøver å leike oss litt med det, forklarar Lyngstad.

Stykket har premiere i Førde torsdag 28. februar og skal ut på turné i fylket frå 1. mars til 13. april. Stykket er skrive av Bodil Kvamme og Marita Liabø.

Teatersjef Terje Lyngstad

VARIERT PROGRAM: Det var eit variert program som vart presentert av teatersjef Terje Lyngstad.

Foto: Marte Halsør / NRK

Teater om løparkongen

Sogn og Fjordane sine 250 år som fylke vert også feira av teateret.

Det gjer dei med eit teaterstykke om løparkongen Mensen Ernst.

– Eg vil hevde at han er ein av dei mest ekstraordinære personane frå fylket vårt, fortel Lyngstad.

Han meiner Mensen Ernst er ein naturleg del av historia til fylket vårt.

– Ingen betre mann enn Mensen Ernst for å markere at Sogn og Fjordane fylke feirar 250 år, seier ein engasjert teatersjef.

Stykket har urpremiere 26. september i Førde, og har mellom anna Roger Hilleren og Idun Losnegård i rollene. Det er Otto Homlung som har skrive teaterstykket.

Arrangerer løp

Teateret ynskjer å setje framsyninga inn i eit folkehelseperspektiv.

Difor skal dei i samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrins arrangere eit løp tvers gjennom fylket.

– Løpet vert arrangert i 7 dagar og skal ende opp i Leikanger. Vi ynskjer å engasjere folk langs vegen og samle inn pengar til eit godt formål, fortel Lyngstad.

Ikkje alle detaljar er på plass enno, men løpet skal gå i midten av september neste år.