Hopp til innhold

Erlend sikra seg eit av 170 eksemplar av Charlie Hebdo

Sidan klokka 9 i dag tidleg har han og resten av gjengen i Unge Høgre stått i kø for å sikre seg eit eksemplar av det franske satiremagasinet.

Jacob Mæhle, Erlend Svardal Bøe, Christopher Wand

KVAR SITT EKSEMPLAR: F.v.: Jacob Mæhle, politisk rådgjevar i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe, påtroppande generalsekretær i Unge Høgre og Christopher Wand avtroppande generalsekretær i Unge Høgre med kvar sitt eksemplar av Charlie Hebdo.

Foto: privat

Erlend Svardal Bøe

SYMBOL PÅ YTRINGSFRIDOMEN: Erlend Svardal Bøe meiner Charlie Hebdo har blitt eit symbol på ytringsfridomen. Her har han sikra seg ei av dei 170 utgåvene som er kome til Norge.

– No har eg fått sikra meg eit eksemplar, og det var fint. Charlie Hebdo har jo blitt eit symbol på kor viktig ytringsfridomen er for oss, så det var flott å få ein av dei første eksemplara som er kome til Norge, fortel Erlend Svardal Bøe frå Florø.

Han er påtroppande generalsekretær for Unge Høgre og saman med resten av gjengen på kontoret brukte han store delar av fredagen på å stå i kø på Narvesen.

Organiserte vaktordning

– Vi var tidleg på plass på Narvesen-kiosken for å sjå om dei hadde fått inn magasinet, men det hadde dei ikkje. Så på Unge Høgre-kontoret bestemte vi oss for å organisere ei vaktordning, så vi stod i ein halvtime kvar og venta på magasinet.

Rundt 170 eksemplar av siste utgåve av Charlie Hebdo vart i ettermiddag lagt ut for sal på Narvesen ved Nationaltheateret i Oslo. Blada var rivne vekk på under ein time.

Interessa for bladet har vore enorm etter at væpna menn førre onsdag storma redaksjonslokalet og drap åtte redaksjonsmedlem. Vekas utgåve vert gjeve ut i millionopplag og distribuert over heile verda.

Skal ramme det inn

No skal Florøværingen setje seg ned å lese magasinet.

– Eg kjøpte også ein Kvikk-Lunsj samstundes som eg kjøpte magasinet, så no skal eg setje meg ned i sofaen på kontoret her og ete sjokolade og lese gjennom Charlie Hebdo og sjå litt på bileta som er der, fortel han.

Svardal Bøe har også planar for satiremagasinet etter han har lese det.

– Då skal eg ramme det inn og henge det på veggen som eit symbol på kor viktig ytringsfridomen er, og at vi ikkje lar nokon truge oss til tystnad, seier han.

Sjølv har han lese Charlie Hebdo tidlegare då han var i Paris i 2013, og fekk lest ei utgåve.

– Etter mi meining burde jo Charlie Hebdo bli selt på alle kioskar i heile Norge og ikkje berre i eit lite opplag. Eg trur magasinet kan vere eit hjelpemiddel slik at det skal bli meir aksept for å handle eit magasin som brukar ytringsfridomen, seier Svardal Bøe.

Charlie Hebdo

STOD LENGE I KØ: Gjengen frå Unge Høgre brukte store delar av dagen sin på å få sikra seg eit eksemplar av Charlie Hebdo sin siste utgåve.

Foto: privat