
Erik Solheim. Arkivfoto NRK
Sjølv er han nøgd med det han har fått gjort i desse ni åra. - Det er ikkje mange som har vore leiar så lenge. I tillegg har eg "fått skikk på" organisasjonen, og meiner at eg forlet eit naturvernforbund i godt gjenge, seier Solheim. Det var det økonomiske rotet i Norges Naturvernforbund som gjorde at Erik Solheim vart leiar i forbundet for andre gong.
Måtte rydde i pengerot
Etter å ha vore leiar frå 1987 til 1989, kom Solheim innatt som nestleiar på landsmøtet i 1997. På den tida brukte forbundet alt for mykje pengar til den daglege drifta, og like over nyttår i 1998 var gjelda oppe i 7,4 millionar kroner. Etter at dette kom for dagen, vart Erik Solheim i mai 1998 vald til ny leiar for å rydde opp i rotet.
- Økonomien ein katastrofe
- Då eg tok til, var økonomien ein katastrofe, og vi måtte skjere ned talet på tilsette. No har vi bygd oss oppatt, slik at vi har folk på dei områda vi meiner det er naudsynt, seier Solheim.

Logoen til Norges Naturvernforbund
Får gjennomslag for sakene
Den avtroppande leiaren i Norges Naturvernforbund meiner organisasjonen i stor grad får gjennomslag for sakene sine. - I ein periode var vi nesten ikkje synlege i media, no er vi den organisasjonen som det iallfall i elektroniske media blir vist mest til, seier Erik Solheim, som og viser til eit langsiktig arbeid for å auke medlemstalet i organisasjonen.

Vern av Nausta er ei av sakene Solheim gler seg over. Arkivfoto ARild Nybø NRK
Nye utfordringar i kø
Mellom sakene Erik Solheim er godt nøgd med, er vern av Nausta. Men sjølv om naturvernforbundet har innkassert mange miljøsigrar, er det stadig nye utfordringar. - Men eg meiner organisasjonen står godt rusta til å møte desse utan meg ved roret. Det er på ingen måte eit einmannsføretak, seier Solheim.
Avgjorde på skiturar
Solheim har ei stund tenkt på om han skulle seie ja til ein ny periode som leiar i Norges Naturvernforbund, og var ei stund i tvil om det var rett å gi seg. - Men på nokre skiturar i vinter vart det klart for meg at det fekk vere nok, og i etterkant kjennest det svært godt.
- Anstrengande verv
- Det er ikkje til å legge skjul på at det er eit anstrengande verv. Nesten kvar dag er det nye utfordringar, og vi skal stadig bli betre. Etter sju år samanhengande som leiar i den alderen eg er no, tenkjer eg at nok får vere nok, seier 58-åringen.
Sluttar ikkje med naturvernarbeid
Men han skal halde fram med prosjektarbeid i forbundet. - Eg skal leie eit arbeid som handlar om bruk av nasjonalparkane våre, så eg har på ingen måte tenkt å slutte med naturvernarbeid. Det kjem nok til å fylgje meg så lenge eg lever, seier Solheim.
Størst å overleve
Den største opplevinga hans i dei ni åra som leiar i Norges Naturvernforbund var kjensla då det vart klart at forbundet var berga frå konkurs, at dei slapp å leggje ned organisasjonen. - Lokalt er det nok vernet av Nausta som er det største, seier Solheim.