Hopp til innhold

Eksporterer gass for 50 millionar kroner ekstra kvar dag

Equinor har oppgradert det største gassanlegget sitt. Det betyr at eksporten til Europa er rekordhøg.

Kollsnes prosessanlegg

Prosessanlegget på Kollsnes kan no sende 8 prosent meir gass sørover til Europa.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Prosessanlegget på Kollsnes i Øygarden er allereie eit av det mest lønsame Equinor har.

Her kjem det i land gass frå fem plattformer i Nordsjøen. Så vert den pumpa til fire land i Europa gjennom lange røyr.

Over 40 prosent av norsk gass vert eksportert ut gjennom Kollsnes.

Støre, Stoltenberg og von der Leyen besøker Troll A

I mars 2023 var Equinor-sjef Anders Opeda, NATO-sjef Jens Stoltenberg, president i Europa-kommisjonen Ursola von der Leyen og statsminister Jonas Gahr Støre på Troll A for å snakke om viktigheita for norsk gass.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Og etterspurnaden er enorm. Etter at Russland invaderte Ukraina prøver mange europeiske land å erstatte russisk gass med norsk.

Dette er årsaka til at ein no har gått gjennom ein komplisert prosess for å utbetre anlegget nord-vest for Bergen.

Enorm energimengde

I kontrollrommet på terminalen har Ragnvald Hordnes og hans kollegaer full oversikt over alt som kjem inn og ut gjennom røyrgatene.

Ragnvald Hordnes, kontrollromsoperatør for Equinor på Kollsnes.

Ragnvald Hordnes og dei andre i kontrollrommet på Kollsnes styrer større volum gass ut til Europa.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Etter at Ukraina-krigen starta har vi blitt meir merksame på at vi held på med noko viktig her, seier kontrollromsoperatøren.

156 million kubikkmeter gass går no ut frå Kollsnes sine røyr kvar dag. Det er kring 11,5 millionar meir enn tidlegare.

Dette er like mykje energi som kring 30 prosent av vasskraftproduksjonen i Noreg.

– I dagens gassprisar er dette ei ekstrainntening på 50 millionar kroner kvar dag, seier Bjarte Padøy, direktør for Equinor på terminalane på Sture og Kollsnes.

– Vi leverer no gass nok til 18 millionar husstandar.

Kristin Kinn Kaste, direktør for anleggsstyring i Gassco, meiner oppgraderinga er viktig. Gassco er det statlege selskapet som står for transporten av norsk gass. Dei er operatør for anlegget på Kollsnes.

– Oppgraderinga er med på å styrke Noreg si rolle som påliteleg gassleverandør til Europa. I situasjonen vi har no er dette veldig viktig for den europeiske energitryggleiken, seier Kaste.

Direktør på Kollsnes, Bjørte Padøy. Direktør i Gassco, Kristin Kinn Kaste.

To direktørar godt nøgde med oppgraderingar på Kollsnes.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vanskeleg oppgradering

– Det har vore ein krevjande prosess. Men ved hjelp av godt samarbeid har dette gått på rekordtid, seier Bjarte Padøy.

Anlegget har vore ein flaskehals for eksport av gass, men har no ein auke i kapasiteten på kring 8 prosent.

Særleg viktig har det vore å utbetre fem av dei seks svære kompressorane som sender gassen i røyrleidningane sørover.

Men for å takle større volum har ein måtte gå gjennom alle delane av anlegget.

Sjølv om arbeidet har blitt gjort på kortare tid enn det normalt hadde blitt gjort, lover direktøren at det ikkje har gått for fort.

– Tryggleiken er det viktigaste, og den har vi teke omsyn til heile vegen, seier Padøy.

Han seier det kan vere mogeleg for andre deler av Equinor-systemet å gjere liknande oppgraderingar som dei har lukkast med på Kollsnes.

Det kan bety stadig nye eksportrekordar framover.

Kollsnes prosessanlegg

Kollsnes i Øygarden kommune i Vestland

Foto: Oddgeir Øystese / NRK