- Eg leiger berre ut to bubilar, men eg kunne fint leigd ut 15 bubilar om sommaren, seier Julius Ansgar Løkke, som driv bubilutleige i Vestfold.
Ein annan fortel at han har fire bubilar, men gjerne kunne leigd ut 30 bilar fordi etterspurnaden er så stor.
NRK har teke ein ringerunde rundt til ulike utleigarar i heile Noreg, og samtlege fortel om enorm pågang på bubilane sine om sommaren. Mange turistar må innsjå at det ikkje bli campingferie fordi det er vanskeleg å få tak i bilar.
LES OGSÅ:
Venteliste
- Me har venteliste på bilane våre for juli og august. Alle bilane er utleigde fram til midten av august, seier dagleg leiar i Stamsaas Fritid AS, Øyvind Johannessen.
Mange byrjar å tinga bilar allereie året før den aktuelle sommarferien. Per Gunnar Tollefsen leiger ut bubilar i Hedmark, og startar allereie no å planleggja neste sesong.
- Det er fleire som ringjer no og spør om me har ledige bilar til fellesferien. Det er nesten like vanskeleg som å få tak i ein julenisse på julaftan, seier han.
- Camping er kult
- Camping har blitt veldig populært dei siste åra. I tillegg kostar det mykje å kjøpa seg bubil, så mange vil nok prøva bubil-livet før dei kjøper seg ein bil, seier Atle Hofseth, som er fagsjef i Norsk Caravan Club
Norsk Caravan Club er den største interesseorganisasjonen for dei som har bubil og campingvogn i Noreg. Hofseth fortel om stor pågang til dei som leiger ut.
- Dei får nok telefoner, for å sei det sånn, seier Hofseth.
Han trur i tillegg at det er ein større barriere å leiga campingvogn enn bubil, sidan det er klare krav til ein bil som skal dra ei campingvogn.
- Ein får uansett opplevd svært mykje på campingferie, slår Hofseth fast.
Vil heller ha bubil
Nokre utleigarar har merka mykje større etterspurnad etter bubilar i år i høve tidlegare år.
- Det er verst i skuleferiane. Utanom dei store feriane har me meir ledig, fortel Jan Erik Høgli i Rent a snail bobilutleie.
I Bergen blir det rapportert om stor pågang på bubilar i høve campingvogner.
- I år har det vore mindre etterspurnad etter campingvogner, seier ansvarleg for utleige i Vest Caravanutleie AS, Sidsel Cook.
LES OGSÅ:
| |