Hopp til innhold

Snøen kjem i aust, men Emilian må vente

På ulike delar av Austlandet har det kome snø, men kvit nedbør let vente på seg på Vestlandet. I nord kan det bli opphaldsvêr.

gut med akebrett

LENGTAR ETTER SNØEN: Emilian Sundsøy Helset gler seg til snøen kjem.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

– Eg saknar snøen!

Emilian Sundsøy Helset som går ved Slåttebakkane barnehage i Førde må framleis leike på grøne grastustar.

Her har det så langt i år berre vore frost.

Han og dei andre barna lengtar etter snømenn, akebakkar og puddersnø i skibakken, men enn så lenge må dei smørje seg med tolmod.

– Barna spør meg kvar dag om når snøen kjem, og om når det er vinter, seier barnehagelærar Janne Tormodset.

Kjølig

Eit høgtrykk i aust sørger for ei ganske tørr og kjølig veke i heile landet.

Det blir roleg vêr med lite vind og nedbør framover.

Men i delar av Aust-, Midt- og Sør-Noreg er det gode moglegheiter for snø.

– Det er vanskeleg å sjå kor det vil komme snø dei neste dagane. Men vi har grunn til å tru at indre delar av Aust- og Sør-Noreg kan vente seg litt snø dei neste dagane, seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

Snø i Hemsedal

Dei siste dagane har det kome rundt 70 centimeter med snø i Helsinglia i Hemsedal.

Foto: Kristin Devor

Årsaka til det er følgande:

No, som ofte på denne tida av året, er det vind frå nordaust som dominerer Austlandet.

Vinden er kald, men ikkje så kraftig. Nordausten gir gjerne litt snø, som betyr at fleire kan få ein lysare advent.

Hemsedal er ein av stadane som har fått godt over 50 centimeter med snø dei siste dagane.

I dag vart det målt 9 cm snø på Tryvannshøgda i Oslo. Framover vil det kjølige vêret flytte seg nedover i låglandet.

Stryken i Lunner

Ved Stryken i Lunner er det julestemning. Dei neste dagane kan det kome meir snø her og andre stadar på Austlandet.

Foto: Turid Myhre Rogneby

Også høgtliggande strøk i Trøndelag og Møre og Romsdal kan sjå fram mot ein kvit start på desember månad.

Men altså ikkje lenger sør på Vestlandet. Her må folk vente ei stund til før dei kan finne fram skia.

– Lågtrykka som kjem inn frå havet vil føre med seg mild luft dei fleste stadane i vest, seier Vågane.

Varmare i Longyearbyen enn i Paris

Longyearbyen legg bak seg ein mild november, og natt til tysdag var det målt 5,2 grader. Til samanlikning var det 4 grader i Paris tysdag morgon.

I Nord-Noreg er det varsla litt regn, men mest skya og opphaldsvêr dei neste dagane.

Dermed kan det bli store kontrastar i vêret framover, slik det var i store delar av november.

Den siste haustmånaden var varm og tørr, men også full av snøbyer for delar av landet.

Nokre stadar har berre fått ein tredel av nedbørsmengda i november. Andre har fått dobbelt så mykje snø som normalt.

Snø i Hallingdal

Ved Flå i Hallingdal har snøen kome brått. Frukta er framleis moden.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

I natt vart det målt heile 10 grader i Møre og Romsdal, men framover blir det kjøligare.

Dei låge temperaturane vil halde fram ei stund og det vil ta lang tid før det igjen blir tosifra temperaturar.