Hopp til innhold

Enklare med oppdrett av andre artar

Regjeringa gjer fleire endringar i forskrifta for akvakultur av andre artar enn laks, aure og regnbogeaure.

– Desse endringane skal forenkle saksbehandlinga og bidra til at oppdrett av andre artar blir meir lønnsamt og konkurransedyktig, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.

Blant dei mest sentrale grepa er fjerninga av restriksjonar mot oppdrett av fleire artar på same stad, og ei presisering av forbodet mot oppdrett av torsk i gyteområde.

Havlandet i Florø

Frå nedtur til opptur for oppdrettstorsken

I to rundar har draumen om oppdrettstorsk havarert. På det tredje forsøket skal det skje, trur næringa.