Hopp til innhold

Endeleg stang inn for Wold

Etter fleire plasseringar like utanfor pallen, var Asbjørn Wold (Vik) endeleg ein av hovudpersonane under medaljeseremonien.

Asbjørn Wold tok bronsemedalje under junior-NM.

MEDALJE: Asbjørn Wold (t.h.) vart den første frå Vik som henta heim medaljen frå meisterskapen i Stryn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vikjen vart nummer tre blant 20-21-åringane på laurdagens sprint. I mål var Asbjørn Wold over 50 sekundar bak sigrande Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo).

Dermed sikra Wold Sogn og Fjordane si tredje medalje i meisterskapen. Fredag vann både Johannes Thingnes Bø og Johan Eirik Meland sine klassar.

– I går var det for dårleg skyting på ståande med fem bom. Der blir eg litt for deffensiv, seier han og vedgår at bronsemedaljen laurdag var eit godt plaster på laurdagens 14. plass på normalen.

Rask i sporet

Det vart tre strafferunder laurdag. To på ståande og ein på liggande. Det er halvparten av strafferundene han måtte gå fredag.

– Det var bra trøkk i sporet og eg hadde gode ski. Undervegs vart det litt kjemping mot eit par andre løparar. Det vart til slutt 20 sekund ned til nestemann, seier han og rekna det som full utteljing på sprinten. Att på til var han mellom dei raskaste i sporet.

– Dei to som kom framfor meg har VM-medaljar, så det er greitt å vite at eg går fort også samanlikna med dei, gliser han.

– Endeleg

Medaljen laurdag er hans fjerde individuelle. Og det smakte svært godt for vikjen som er elev ved Høgskulen på Lillehammer.

– Det var litt greitt å få til no. Det har vore mykje stong ut denne sesongen. Det plar alltid vere eitt eller anna som øydelegg. Eg har hatt to fjerdeplassar og to sjetteplassar så langt, så det var godt å komme på pallen, seier han.

I utgangspunktet skulle Vik arrangert meisterskapen. Klubben måtte melde avbod i fjor sommar på grunn av manglande overnattingsstadar etter brannen ved Hopstock hotell.

Blåst vekk i Vik

For Wold var det heilt greitt å reise til Stryn for å ta medaljen. Sjølv om det har både regna, snødd og blåst på Ullsheim. Løypene har også vore tunge.

– Eg har vore mykje her tidlegare, så det blir mest som ei heimebane for meg. Hadde vi arrangert dette heime, så hadde det nok blåst vekk, flirere han.

I same klasse vart Håvard Gutubø Bogetveit (Førde) nummer seks.