Hopp til innhold

I dag er dei glade for å vere inne

Medan løparane slit i ausande regnver og ekstremt tunge løyper, har Magne Hjelle og Svein Lasse Bødal sin arbeidsplass inne. Det er dei veldig glade for.

Magne Hjelle og Svein Lasse Bødal.

VARME: Magne Hjelle (t.v.) og Svein Lasse Bødal er glade for at dei har arbeidsplassen under både tak og fire veggar på Ullsheim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Smørjeteamet til Nordfjord Team har meir enn nok å henge fingrane i inne i smørjebussen til skiskyttarlaget.

– Når ein ser ut no, så er det surt å vere ute i dag. Men berre vi klarer å gjere ein god jobb, så kjem dei snart attende, gliser Magne Hjelle.

– Bra treff

Ullsheim

LY: Publikum søkjer ly frå det våte element der dei kan.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Duoen legg grunnlaget for suksess i sporet. Resten må skiskyttarane ordne sjølve. Men forholda under junior-NM er svært utfordrande. Regnet bøttar ned, det blæs, og forholda svært tunge i sporet.

Testing og synsing kring kva skia skulle smørjast med byrja allereie torsdag kveld med Odd Harald Heggen. Dette heldt fram frå tidleg fredag morgon. Smørjarane har også rådført seg med Per Knut Aaland.

– Eg trur vi har fått ganske bra treff. Men om det er optimalt, veit ein jo aldri. Difor spør vi også kvar løpar etter kvart korleis det gjekk og justerer litt undervegs, seier Hjelle.

Sigrid Hjelle og Magne Hjelle.

NØGD: - Skia kunne ikkje vore betre, seier Sigrid Hjelle (t.v.) og takkar pappa Magne for god hjelp med skia. Det var ikkje glia som gjorde at ho fekk ein 10. plass.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Våtare enn i vaskemaskin

Dei lokale skiskyttarane hadde før lunsj ikkje kapra ein einaste medalje under normaldistansen. Håvard Gutubø Bogetveit var nærast med ein fjerdeplass.

– Eg kunne ikkje hatt betre ski i alle fall. Det er tungt i sporet. Du sig veldig ned, seier Sigrid Hjelle, som deltek i Norgescupen for seniorar. Ho kom på ein beskjeden 10. plass. Med ti bom.

Håvard Gutubø Bogetveit

VÅTT: Håvard Gutubø Bogetveit vart nummer fire i klassa for menn 20-21 år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg har nok ikkje opplevd verre, eller tyngre forhold. Men kanskje like gale. På sisterunda kjendest det ut som om skoa skulle falle av. Trikoten var våtare enn om eg hadde hatt den i vaskemaskina, fortel ho.

Siste sesong

Hjelle er inne i sin truleg siste sesong som skiskyttar. Ho har for tida praksisplass som fysioterapeut i Volda. Utan skytebane blir det så som så med skytetrening. Noko som forklarar at i snitt annakvart skot ikkje trefte blink.

– Eg har prøvd å reise heim i helgane, men det blir ikkje nok. Og til neste år blir det turnus, så då spørst det, seier ho.

Og ho gler seg over at veret berre kan bli betre på laurdag.