Hopp til innhold

Sigerskyss toppa NM-gullet

Johannes Thingnes Bø og Johan Eirik Meland leverte varene under dagens normaldistanse i junior-NM i Stryn.

Meland

SIGERSKYSS: Johan Eirik Meland får eit velfortent kyss og gratulasjon frå kjærasten Mari Sollid Eide.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Thingnes Bø vann som venta klasssa 19 år.

I aldersklassa under gjekk Johan Eirik Meland heilt til topps - og fekk eit overraskande sigerskyss frå kjærasten Mari Sollid Eide.

– Det var veldig bra mottaking. Slevete og fæl. Eg er overraska over at eg fekk kyss i det heile, gliser den ferske noregsmeisteren.

Tredje best i sporet

– Eg er sjølvsagt stolt, smiler kjærasten Sollid Eide som sjølv vart nummer 15 i klassa jenter 17 år. Med ni bom, men med tredje beste langrennstid.

Ved mål såg ho ein sliten Meland vente tre minutt på å sleppe jubelen laus. Ein bom på siste skyting gjorde at Didrik Maltun (Fossum) plutseleg var med i gullkampen att. Men det vart berre nesten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Eirik Meland

GULL: Etter tre nervepirrande minutt er det klart at Didrik Maltun (bak) ikkje kunne slå Johan Eirik Meland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ti sekund leiing ut frå siste skyting, vart til ni sekunds margin i mål.

– Dette heng høgt. Kanskje aller høgast. Eg sa før start at gullet var målet, seier Meland og konstaterer at målet vart nådd.

– Vart skremd

Etter tre feilfrie skytingar såg det heile ut til å gå rimeleg greitt. Dette sjølv om Maltun ikkje bomma på eit einaste skot.

– Det kjentes godt ut i dag. Eg har skote godt i det siste og hadde ei god kjensle. Og eg klarte å halde roen og takle presset, seier Meland og legg til:

– Undervegs fekk eg høyre om ein som hadde skote 20 treff. Då vart eg skremd og berre tok ut alt av krefter på siste runda. Eg såg ikkje klart, pusta heilt rart... Det er det verste eg har vore med på, seier Meland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø

GULL: Som venta vart det også gull til Johannes Thingnes Bø. - Det var jo nesten som i Ruhpolding, gliste han etter målpassering og sikta til stemninga langs sporet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Overlegen Bø

Ein som var overlegen i sporet, var Johannes Thingnes Bø. Han slo Øystein Ulekleiv (Voss) med nær fire og eit halvt minutt. Dette var niande NM-gull til bror til Tarjei Bø.

– Det var laust, men slik veret var, så kunne forholda vore mykje dårlegare. Arvid Hatledal har gjort ein god jobb med løypene, konstaterer han. Sigeren kom oppskriftsmessig for skiskyttaren som kom heim frå junior-VM med tre gullmedaljar . Det vart ei strafferunde på kvar av dei tre siste skytingane.

Nesten som Ruhpolding

NRK treff Thingnes Bø medan han følgjer med på storebror Tarjei som går for det norske stafettlaget under VM i Ruhpoldning.

– Det er finare ver der, men elles var det eigentleg same stemninga her. Berre høyrde jubelen frå publikum når eg trefte blink. Det var litt stas, seier han og tykkjer det er moro å ta NM-gull på heimebane.