Hopp til innhold

Bursdagsbarn vart kvardagshelt

Søndag fyller Arvid Hatledal 56 år. Laurdag vart han heidra som kvardagshelt med 10 000 kroner under junior-NM på Ullsheim.

Knut Roger Nesdal og Arvid Hatledal.

OVERRASKA: Det var ein tydeleg overraska Arvid Hatledal som vart heidra som kvardagshelt under junior-NM i Stryn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Prisen vart delt ut under pausen av sprintprogrammet laurdag. Arvid Hatledal visste ingenting om det som var i vente.

– Dette kom veldig overraskande på, stutrar prisvinnaren etter å ha motteke diplomet som eit synleg bevis på at han har vunne 10 000 kroner.

Kvardagshelt

Prisen vert delt ut av Skogstad. Det var Knut Roger Nesdal som delte ut prisen. I juryen sit Eli Kari Gjengedal, Odd-Bjørn Hjelmeset, i tillegg til Nesdal. I alt skal det delast ut ni slike prisar på landsbasis. Ein av vinnarane kan også stikke av med ytterlegare 30 000 kroner.

Prisvinnarane kan sjølv bestemme kva pengane skal gå til. På Voss gjekk Per O. Himle til innkjøp av rulleskiutstyr.

– Det er nok å bruke pengane på, men eg klarer ikkje å seie på sparket kva desse pengane skal gå til, vedgår ein stolt Hatledal.

Gløymer ikkje 1996

Prisen er ny og skal delast ut til kvardagsheltar som gjer den store skilnaden i små lag. Hatledal vert skildra som ein bauta i lokalmiljøet, og vart «skulda» for å bortskjemme utøvarane i laget med gode løyper.

Hatledal har preparert løyper på Ullsheim sidan han starta med eigne maskiner i 1980. Han har vore preperasjonsansvarleg for 17 nasjonale- og internasjonale meisterskap på Ullsheim.

– Men eg gløymer nok aldri NM i 1996 då vi køyrde inn 15 000 kubikk snø frå andre plassar. Her var det bart og vi køyrde snøen utover. Det var utfordrande, vedgår han.

– Utfordrande

Også under årets junior-NM i skiskyting har det vore utfordrande løyper.

Dobbeltmeister Johannes Thingnes Bø uttala laurdag at løypene ville vore mykje verre andre stadar slik veret hadde vore.

– Det har vore utfordrande i år også med så mykje mildver og regn. Det er grunnarbeidet frå tidlegare i vinter som gjer at løypene har halde seg. Det er slush oppå, men løypene er faste i botnen, avsluttar den stolte prisvinnaren.