Hopp til innhold

«Dette har eg drøymt om lenge. Veldig, veldig lenge...»

Med sine to første mål etter comebacket, sytte Tore André Flo for at Sogndal tok alle tre poenga i møtet med seriemeister Molde.

Tore André Flo scorar mot Molde

SÆRS NØGD: Tore André Flo jublar etter å ha sett inn si første scoring for Sogndal etter comebacket.

Foto: Rune Fossum / NRk

– Dette var kjempekjekt. Eg skal innrømme at dette er noko eg har hatt lyst på, seier Tore André Flo.

Han har nett sikra Sogndal den best tenkjelege serieavsluttinga med 2-1 over Molde, og motteke jubelen frå Saftkokaradn på Fosshaugane.

I pressesona er han eit einaste stort smil.

– Dette har eg drøymt om lenge. Veldig lenge. Det er årevis sidan eg scora sist, seier han til NRK.no.

Skal halde fram som superinnbytar

Flo gjorde i sommar comeback for Sogndal, etter at han i eit par år har teke heilt pause frå fotballen. Mot Molde fekk 38-åringen endeleg hol på byllen.

Og då gjorde han det like godt to gongar - og mot seriemeisteren.

– Med god og skadefri sesongoppkøyring, kva kan vi forvente av deg neste år?

– Dei siste åra før eg la opp, gjekk eg altfor mykje skadd. Men etter to års pause, så har det fungert bra. Eg håpar eg kan ta eit steg til. Men eg blir nok ikkje noko meir enn ein superinnbytar, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore André Flo

KAN BLI BETRE: Tore André Flo meiner sjølv han kan bli betre neste år. Men då må han ha ein skadefri vinter.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Er ein stor ressurs i gruppa

Litt lenger borte står Harald Aabrekk og gliser like breitt som spissen sin. Etter å ha gjort ein snuoperasjon med Sogndal og berga plassen, er han av mange blitt genierklært.

Eit av sjakktrekka var å hente inn den gamle stjernespissen frå Stryn.

– Det er nok ikkje mange som ville ha gjeve meg den sjansen, seier Flo.

– Flo har vore ein stor ressurs både i spelargruppa og på trening. Han har vore ein ressurs, og han har framleis mykje å gje, kvitterer Aabrekk.

Fekk stor takk frå Saftkokaradn

– Det var vel kjekt å sjå Flo score...

– Dette skulda han meg. Eg hadde forventa at han skulle klare det, så det skulle berre mangle, seier Aabrekk - før han slår latterdøra på vidt gap og avslører at det heile var ein spøk.

Sjølv fekk Aabrekk ein solid avskil frå Saftkokaradn før kampstart. Eidaren takkar av som trenar i klubben, og vart møtt med fyrverkeri og blomster frå supporterklubben.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk

SISTE: Harald Aabrekk avslutta opphaldet i Sogndal med tre poeng mot seriemeisteren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Snø avslutta sesongen

Molde opna kampen best, og gjekk tidleg opp i 1-0 ved Zlatko Tripic. Deretter skulle mykje handle om heimelaget på Fosshaugane.

Fem minutt før pause var Tore André Flo frampå for første gong. Han utklina til 1-1 på ein retur, etter at Tonny Brochmann først hadde avslutta.

Det var også Brochmann som stod bak den første avsluttinga, da Flo sende Sogndal opp i 2-1 ti minutt ut i andre omgang.

Resten av oppgjeret var det Sogndal som styrte. I snøvêret var det ingenting å seie på at årets siste heimekamp enda med tre poeng.