Hopp til innhold

Sogndal vann 2 - 1 over Molde

Tore André Flo var i storform i kampen mellom Sogndal og Molde. Med to mål sikra han Sogndal sigeren.

Tore André Flo scorar mot Molde

STORSLAG: Endeleg slo det til for Tore André Flo. Med to mål mot Molde sikra han Sogndal sigeren.

Foto: Rune Fossum / NRk

Heimelaget opna godt og allereie etter åtte minutt fekk dei sin fyrste målsjanse med Vegar Gjermundstad, men ballen gikk ein meter utanfor. Tre minutt seinare fekk Tore André Flo ein stor sjansen, men heller ikkje her vart det mål.

1-1 til pause

Det blei til slutt Molde som fekk fyrste målet. I det 16 minutt og frå 12 meter sendte Zlatko Tripic ballen mellom beina på Joe Bendik og i mål.

Sogndal heldt presset oppe og fekk ein ny målsjanse. Denne gongen med Tonny Brochmann, men skotet frå 16 meter vart for enkelt for Molde sin keeper.

Etter mange målsjansar skulle det endeleg bli mål. Etter eit nytt skot frå Brochmann er veteranen Tore André Flo på plass på returen og sender ballen i mål.

Tore André Flo i storform


Etter pause fortsatte Sogndal å halde presset oppe. Berre tre minutt ute i andre omgang fekk Sogndal og Henrik Furebotn ein ny målsjanse.

Ti minutt ute i andre omgang fekk Flo på nytt ein sjanse. Nok ein gong var Tore André Flo klar på returen og sendte heimelaget i leiinga 2-1.

Sogndal heldt fram med å presse Molde og fekk to nye målsjansar på rappen i det 73 og 74 minutt.

I det 89 minutt var Molde nær ved å utlikne, men skotet frå Daniel Chima Chukwu vart blokkert av ein sogndalspelar.

Det enda dermed 2 - 1 til Sogndal i sesongens siste kamp.