Hopp til innhold

Endeleg ein vinter utan å bli isolert frå omverda

LUSTER (NRK): Det tok fem år og kosta 275 millionar. Men no kan endeleg innbyggarane i Veitastrond juble over ny tunnel og langt tryggare reiseveg.

Ivar Kvalen tunnel

GRATULERTE: Luster-ordføraren Ivar Kvalen gratulerte innbyggarane i Veitastrond med ny tunnel.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Det er nesten som vi må klype oss litt i armen, seier ordførar Ivar Kvalen.

Vegen i Veitastrond er ein av dei mest rasutsette vegane i landet. Torsdag opna Langanestunnelen med sine 1571 meter som skal sikre innbyggarane frå å bli innesperra og isolerte i bygda på grunn av ras.

Avgjerande for bygda

Fylkesordførar Jenny Følling klipte snora som opna tunnelen for ferdsle. Denne vegen er den einaste Veitastrondingane har, og for ikkje lenge sidan var vegen stengt i over 100 døgn.

– Dette betyr veldig mykje. Det vil betre livskvaliteten til innbyggarane her i Veitastrond, seier Jenny Følling.

Fylkesordførar klipper snora. Jenny Følling

KLIPTE SNORA: Fylkesordførar Jenny Følling klipte snora som opna tunnelen.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Vi vil at det skal bu folk i bygdene våre. Skal vi få ungdommen til å ville flytte heim og drive gard er det avgjerande å ha moglegheit til at ein eller fleire i familien skal kunne pendle ut, seier Ivar Kvalen.

Har vore krevjande

Vegvesen opnar tunnel Veitastronda Svein Erik Finden

PRIORITERT SIKKERHEIT: Statens vegvesen fortel om eitt utfordrande arbeid på grunn av den rasfara som er på staden.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Arbeidet med tunnelen og vegen har måtte stoppa fleire gonger på grunn av rasfare. Og sikkerheita har vore prioritert.

– Sikkerheita vart prioritert høgt. Vi har hatt geologar innom her som har vurdert faren for ras, seier avdelingsdirektør, Svein Erik Finden i Statens vegvesen.

Ei enorm optimisme

Asbjørn Ness

OPTIMISME: Bygdelagsleiar Asbjørn Ness seier folket i Veitastrond vart glade og optimistiske då dei fekk vite om tunnelen.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Det er ein gledas dag også for leiar i bygdelaget Asbjørn Ness som meiner tunnelen allereie har betydd enormt mykje for folk i bygda.

– Då folk fekk vite at tunnelen kom til å komme, vart det ein veldig optimisme. Det har allereie vore tilflytting av unge familiar til Veitastronda, seier Asbjørn Ness.

Opning av tunnel

GLADE: Fleire pustar letta ut og er glade for den nye tunnelen.

Foto: Magnus Gamlem / NRK