– Her har eg tenkt å lage ein dam i eit vaskefat, fortel ho.
Hagen til Ellen Bjelke i Slåttebøen i Førde er i stadig forandring. Ho legg ein svart planteduk, og så litt stein rundt omkring eit vaskefat. Det har ho tenkt å plassere nede i hagen. Dette er hennar neste prosjekt.
– Eg er ikkje helt sikker på at dette går. Men det gjer ikkje noko om det blir mislykka heller, for då har eg i alle fall forsøkt.
Ho er leiar i Førde hagelag, og er ivrig hobbygartnar. All steinen ho brukar rundt fatet har ho sanka på hytta si.
– No må eg finne ut korleis det endar opp med kanten her. Eg trur det kan gå eg.
- Les også:
VAKKER FRUKTBLOMSTRING: Ellen Bjelke er kresen på kva ho vil ha i hagen sin
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKSomme plantar er meir interessante enn andre. Ho er nemleg kresen på kva ho vil ha i hagen sin. Litt av hagegleda er det å kunne gå rundt og sjå. Ho har og laga seg vegar og små sitteplassar i hagen i form av stein.
– Så ned her er det også ein stol. Her har eg det fint, seier ho Ellen og ser utover hagen sin.
Viss du vil sjå korleis Ellen Bjelke fekk til dammen sin, sjå Grønn Glede tysdag 30, juni på NRK 1. Du kan også sjå programmet eller i nett-TV.
- Les også:
HAGEDAM: Slik blei dammen til Ellen Bjelke.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK