Vi går sakte, men sikkert, mot ei kaldare og mørkare tid, og for dei av oss som har ein hage, kan det vore lurt å ta i eit ekstra tak no.
Gartnar Geir Mellingen kan gje deg nokre tips om kva som kan vere lurt å gjere i hagen før snøen kjem, for at den skal vere fin når sommaren kjem tilbake.
Gartner Geir Mellingen gir deg råd for stell av hagen før vinteren.
Foto: Tomine Walmsness / NRK– Det er viktig å ta eit tak i hagen heile tida. For plantene treng deg, og du har bruk for plantene for å grave litt i jorda og kjenne at du lever. Ryddar du opp i plantene dine, så ser du kva dei treng og kan førebu våren, seier Mellingen.
1. Kva gjer du før snøen kjem?
Nokre sommarblomar er i blomster heile sommaren. Ein dag kjem det frost, og då kan du rydde dei vekk. Staudane er fleirårige, dei kjem igjen år etter år. Dei visnar, men kjem opp igjen. Sommarblomar er eittårige, så når frosten kjem så er det slutt. Fordelen med sommarblomar er at dei blomstrar heile tida, mens staudane gjerne har ein månad som dei blomstrar.
2. Må du fjerne sommarblomane?
Dei blir for så vidt til jord. Men det tar såpass lang tid at det er greitt å fjerne dei når dei blir stygge. Dei blir først brune, og så blir dei svarte. Då kan du samstundes fjerne litt ugras.
3. Kva må du ta inn før vinteren
Viss du ønskjer at ein pelargonia eller eit oliventre skal overleve så må du ta dei inn. Dei må stå frostfritt og gjerne litt lyst, for dei overlever ikkje vinteren ute. Har du eit rom du ikkje brukar, eller ein kjellar med vindauge kan du bruke det.
4. Kva gjer du med plenen din?
Det er fint å køyre litt høgt med grasklipparen dei siste gongene du klipper plenen. Då får du knust blad og gras, for bladrestane er veldig bra for plenen din.
5. Husk å skjere ned på epletreet
Epletre toler å bli skjært ned heile året, og du må prøve å lage det så luftig som mogleg. Behald greiner som går utover og nedover. Og skjær vekk ein del av dei greinene som går oppover. Det er vanleg å gjere det i januar, for då kan du ta omsyn til greiner som snøen har knekt.
6. Hekken din er for stor
Vanlege hekkar toler å bli skjært når som helst. Men har du ein hekk som blomstrar, så er det oftast fint å skjære den like etter blomstring. Ein syrinhekk er best å skjære like etter blomstring, for då få du også blomstring neste år.