– Det er alltid kjekt å sette nye rekordar. Det er motiverande, seier Eli Anne Dvergsdal.
Ho sprang 5 kilometer under Jølster maraton, og trass i litt motvind i Jølster, slo ho den førre rekorden med om lag eitt minutt. Tidlegare har ho vunne både 10 km og halvmaraton i Jølster, og no er ho straks klar for EM i motbakke.
– Det var veldig fint, og eg følte meg sterk i dag, seier Jølstringen, som sprang for Gular i Bergen.
Maratondebutant tok siger
Under arrangementet kan ein springe fire ulike distansar. 5 km, 10, km, halvmaraton og heilmaraton. Jens Andreas Melheim frå Hafslo stakk av med sigeren i herreklassen på den lengste distansen. Og det var første gongen han deltok i den distansen.
– Det var godt å få gjennomført mitt første maraton. Eg hadde ein plan om å halde jamn fart heile, men dei blei mykje motvind, seier han.
42-åringen seier sigeren ikkje betyr så mykje, og at han hadde eit tungt løp.
– Det er jo ikkje ei kjempetid. Eg er berre ein glad mosjonist, seier Melheim.
Løpet har vore arrangert sidan 1983, og i år sprang 370 i konkurranseklassen. I tillegg var 350 mosjonistar med. Ifølge arrangøren var det godt springevêr.
– Det var ein veldig fin dag til å springe langt. Det var ikkje så varmt som det har vore dei siste dagane, seier Johnny Solheimsnes.
Her er alle vinnarane:
Maraton:
- Jens Andreas Melheim, 2.51.32
- Vivian Kyte, 3.13.11
Halvmaraton:
- Knut Olav Øygard, 1.16.32
- Trine Bjørvik, 1.32.12
10 km:
- Eivind Øygard, 31.49
- Ane Brekke, 41.08
5 km:
- Marius Vedvik, 14.37
- Eli Anne Dvergsdal, 17.19