Hopp til innhold

Elevar får likevel halde andakt

Etter å ha vore i dialog med rektor og kommunedirektøren, får skulelaget på Sagatun likevel lov til å ha andakt innandørs i storefri. Det skriv Vårt Land. Det vekte nasjonal merksemd då skulen tidlegare i haust sette foten ned for andakter i skuletida. Men historia er ikkje over: Løysinga er berre mellombels, opplyser foreldrekontakten for skulelaget til avisa

Etter elevgruppa fekk nei til å samlast inne i matfriminuttet, har dei møttest ute.

Elevane får ikkje møtast til bøn inne på skulen

Ungdomsskuleelevane i Balestrand får ikkje lenger møtast til bøn i langfri. «Kan vere støytande og krenkjande for andre», forklarer kommunen.