Elbilforeningen kritiserer leigeavtalar for elbil-lading

Frå nyttår har du lovfesta rett til å sette opp ladar heime. Elbilforeningen ber burettslag sjekke prisen nøye før dei går inn på ulike lade-abonnement.

Lading av elbil

STØRRE KONKURRANSE: Frå nyttår vart det innført ei lovendring som har stor betydning for eigarar av elbilar. No må fleire burettslag ta stilling til om dei vil leige eller eige ladeløysingar.

Foto: Robert Hansen / NRK

I haust vedtok Stortinget endringar i lovene som gjeld for burettslag og sameige.

Lovendringa gir dei som bur der ein rett til å sette opp ladepunkt til elbilar og hybridar.

Dermed aukar også tilboda frå ulike tilbydarar.

– Elbilforeningen sitt anslag er at det er to til tre gongar så dyrt, totalt sett, med ei abonnementsløysing som å eige anlegget sjølv, seier Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening.

– Slike avtalar har som regel høgare kostnader om ein reknar over livsløpet, og mange har lange bindingar.

Elbilforeningen har 80.000 medlemmar og tilbyr informasjon til burettslag og sameige om kjøp av ladeanlegg. Også mot betaling, når det er snakk om meir omfattande rådgjeving.

– Vi har fått omfattande innsikt i kostnadsbiletet i bransjen, fordi vi har gjennomgått tilboda i ei rekke tilbodsprosessar.

Spørsmålet mange burettslag no må ta stilling til, er om dei skal eige eller leige infrastrukturen for lading.

Det er her Elbilforeningen meiner det ofte løner seg å eige, ikkje leige.

Stadig flere elbiler ankommer Drammen Havn

MOT REKORD: Det ligg an til meir enn 50 prosent elbilsal i Noreg i 2020.

Foto: Ole Berg-Rusten

Dette er tipsa til Elbilforeningen

Organisasjonen har følgande tips for burettslag som er usikre på kva dei skal gjere:

  • Måten å oppnå god pris er å gjennomføre grundige anbodsprosessar der ulike tilbydarar konkurrerer. Dette bør gjerast enten ein vil leige eller eige.
  • Når ein samanliknar tilboda, bør ein rekne kostnadene over tid og sjekke alle bindingane.
  • Tilbod med låg inngangspris, kan bli særs dyre over lengre tid.

Over 50 prosent av nybilsalet er no elektriske biler, og innan 2025 vil det bli forbode med nysal av fossilbilar. Lading blir difor relevant for langt fleire innan få år.

Lars Handeland - styreleiar i fleire borettslag.

POSITIV TIL LEIGE: Lars Handeland er styreleiar både i burettslag som eig og leiger ladeanlegg.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Slepp vedlikehald

Lars Handeland i Førde er styreleiar i tre burettslag og to sameige. To av desse har den siste tida gått inn på leigeavtalar med selskapet Ohmia Charging.

– Fordelen med å leige er at utgiftene blir betalt via bruken til dei som har elbil. Det er også ei god løysing at andre kan ta heile investeringa av infrastruktur, seier han.

Han let seg ikkje stresse av Elbilforeningen som seier at det i fleire tilfelle kan bli dyrare å leige enn å eige.

– Når du leiger noko, så vil det på sikt vere dyrare. Men ettersom vi kan kjøpe oss ut, så ser eg ikkje det store problemet.

Han meiner det er eit stort pluss at selskapet dei leiger hos har ansvaret for å oppgradere og fornye anlegget.

– Vi har ein avtale på sju år. Selskapet har ansvaret for å oppdatere teknologien på anlegget. Hadde vi hatt ansvaret sjølv, måtte vi kanskje byta ut alt, fordi det er umoderne. Det slepp vi no, seier Handeland.

Unni Berge, Norsk elbilforening

SKEPTISK: Unni Berge i Elbilforeningen meiner det ofte løner seg å eige sitt eige ladeanlegg.

– Sjekk avtalen nøye

Elbilforeningen har sett døme på leasing- og abonnementsavtalar som marknadsfører seg med at det er «utan kostnader» og «rettferdig». Det reagerer dei på.

– Slike avtalar har som regel høgare kostnader om ein reknar over livsløpet, og mange har i tillegg lang bindingstid, seier Berge.

Ho understrekar at ho uttalar seg generelt og ikkje mot enkeltselskap.

Ohmia Charging er landets største aktør innan levering av ladetenester til burettslag og sameige.

– Det vi gjer overfor våre kundar er ope, transparent og kundevennleg, seier adm.dir. i Ohmia Charging, Eirik Grøstad.

– Billegare å eige

Han viser til at abonnementsordninga kostar mellom 249 og 749 kroner i månaden, alt etter bruk og kor mykje kunden køyrer. Og alt dette inkluderer straum, drift av anlegget og oppgradering til ny teknologi.

– Vi meiner at vi er med på å mogleggjere lading av elbilen for alle, og at berre dei som ladar betalar, ikkje heile burettslaget, seier Grøstad.

Det same svarar dagleg leiar i Ladeklar, Stian Bjørhei. Han seier at dei ikkje opererer med bindingstid, og at prisane for å kjøpe ut anlegget blir avtalt før kontrakt.

– Kostnadsmessig er det nok billigare over tid for bustadselskapet å eige ladeanlegget sjølv, men det kjem an på kva tidsperspektiv dei har. Ikkje alle bebuarar har eit 15–20 års perspektiv, og ønsker tilgang på rimeleg lading i dag, seier Bjørhei.