Hopp til innhold

Kan bli rekordår for skredulykker

Skredfaren er høg fleire stadar i landet, og mange vil på ski i vinterferien. Skredekspertar åtvarar mot ulukker.

Skredkurs med Troms Turlag. Februar 2020.

UT I DET FRI: Skredkurs med Troms Turlag. Februar 2020.

Foto: Marius Dalseg Sætre

– Det er veldig viktig at folk passar på og gjer dei tinga som er fornuftige og ikkje berre let seg inspirera av videoar dei har sett på nettet, seier Christian Jaedicke

Skredekspert Christian Jaedicke.

Skredekspert Christian Jaedicke.

Foto: UIO / Kai Mortensen

Han er skredekspert ved NGI. Denne og komande veke er det vinterferie i heile landet og i same periode er store deler av landet dekka av gule farevarsel for snøskred.

Gult varsel betyr moderat fare, men kombinert med at det er mange som vil ut i naturen, kan det få alvorlege følgjer.

Det er under slike tilhøve at flest liv går tapt, skriv Røde Kors i ei pressemelding.

Farevarsel for Noreg henta frå Varsom.no i dag.

Denne og komande veke er store deler av landet dekka av gule farevarsel for snøskred.

Foto: Varsom.no / NVE

Tips og oppfordringar

Fire personar har omkome i skredulukker så langt i vinter, og Jaedicke og kollegaene uroa for at 2024 skal bli eit rekordår for omkomne i snøskred.

Dei har klare oppfordringar om kva folk må tenkje på når dei skal ut i snøen.

– Det viktigaste er terrenget og det er relativt enkelt å vurdera. I dag er det fleire nettstader og appar du kan bruke for å sjå kor terrenget er så bratt at det kan utløysa skred, seier Jaedicke.

Les også Strid om det skal vere strengare reglar for å gå i fjellet

Syskarnipa, Jølster

– Nøkkelen til gode og trygge opplevingar i fjellet ligg i gode førebuingar og godt samarbeid, seier Per Odd Grevsnes.

Han er fagleiar for skred i Røde Kors og stiller seg bak bekymringane til Jaedicke.

Han kjem med råd og tips til dei som har tenkt seg på tur framover:

Førebu deg

– Det viktige er å gjere litt forarbeid, gjer det gjerne dagen før. sjekk vêrmelding, dann deg eit bilete på kva område som er aktuelt og snakk med folk som har vore i området. Ikkje ver for bastant i valet av topp og legg heller opp turvalet etter dagens eksisterande faresituasjon, seier Grevsnes.

Eksempel på nyttige nettstadar kan vera Varsom.no og Ut.no.

Planlegg og diskuter

Ha ein plan klar for kva du gjer dersom det skulle gå eit skred, eller noko anna uventa skulle henda. Slik at det ikkje oppstår ein situasjon der du kastar bort livsviktig tid på å stå og vente på at nokon med meir erfaring skal teke kontroll.

– Det er veldig ofte i kameratredning-situasjonar at vi klarer å berge liv. Når Røde Kors-personell rykker ut, tek det ofte meir enn 15 minutt. Og då er sjansen for å overleva gått drastisk nedover, seier Grevsnes.

Sjekk at alt nødvendig utstyr fungerer

Grav ned og test skredsøkar om det er gått litt tid sidan sist, om ikkje så held det med ein såkalla kompissjekk av om sender og mottakar får signal. Last ned «Hjelp 113» Ein app der ein kan kontakte naudetatar som gir dei nøyaktige koordinatar. Sørg for at telefonen har straum.

Reflekter og del

Diskuter med turfølge og gjer ein vurdering av opplevinga. Var det noko de ikkje kunne lesa ut frå nettet som de opplevde som utfordrande? Del bilete, opplevingar og erfaringar, slik at andre kan ta nytte av det.

– Dette kan de gjera via varsom.no, i person eller via andre relevante kanalar og er til stor hjelp for både fagfolk og andre turglade, seier Grevsnes.

Ha det kjekt!

– Så er det ikkje slik at eg vil skremma folk frå å ha det kjekt på ski, folk må få ha det kjekt på ski. Av og til betyr det at ein køyrer i område der det kan gå skred, men då er det viktig at ein har gjort forarbeid, seier Grevsnes.

Skredsøkar

– Det er veldig ofte i kameratredning-situasjonar at vi klarer å berge liv. Når Røde Kors-personell rykker ut, tek det ofte meir enn 15 minutt. Og då er sjansen for å overleva gått drastisk nedover, seier Grevsnes i Røde Kors.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK