Hopp til innhold

Strid om det skal vere strengare reglar for å gå i fjellet

Dødsulykker i fjellet skaper press på strengare regulering. Men eit ferdselsforbod sit langt inne.

Syskarnipa, Jølster

SYSKARNIPA, JØLSTER: Ein ringerunde til norske tur- og hjelpeorganisasjonar viser at tanken om eit ferdselsforbod sit svært langt inne.

Foto: Kristian Årdal

Etter det Røde Kors karakteriserer som «den mest dramatiske påskeinngangen på fleire år», har det vore tilløp til hissig ordskifte om ansvar og risiko i fjellet.

I eit innlegg i Nordlys skriv Nikolai Schirmer (frå NRK-serien «Eksponert») at overlege Mads Gilbert «står i vegen for ein konstruktiv diskusjon om korleis forhindre at utanlandske skituristar hamnar i snøskred».

Bakgrunnen er at langvegsfarande som har investert mykje i turen og har eit avgrensa tidsvindauge til rådvelde er overrepresentert i ulykkesstatistikken.

Gilbert er klar på at han ikkje ynskjer eit forbod, medan andre ynskjer å gå «hardare» til verks og forby ferdsel i utvalde fjellområde på særleg skredutsette dagar.

Argumentet er at eit forbod sender eit tydelegare signal til skituristane, og avlastar dei frå å måtte gjere eigne, vanskelege vurderingar.

Men ein ringerunde til norske ski- og hjelpeorganisasjonar viser at tanken om eit ferdselsforbod sit svært langt inne.

Eit forbod er eit brot på norsk tradisjon, seier Marino Ask, tidlegare turlagsleiar i Sogn og Fjordane.

DSC01957 kopier-2-jgstøre

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil styrkje beredskapen og gå gjennom varslingsrutinane. – Vi har den teknologiske moglegheita, så dette skal vi få på plass, seier han til NRK.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Allemannsretten er heilag

Fleire av dei NRK snakkar med påkallar allemannsretten som eit nasjonalt adelsmerke og eit «heilagt prinsipp» som aldri må vike.

Vi har tenkt at ferdselsforbod kan vere effektivt viss det er mogleg å innføre svært lokalt og i ein svært avgrensa periode. Men det vil vere veldig vanskeleg å handheve, seier Rune Verpe Engeset, som er leiar for snøskredvarslinga i Noreg.

Han viser til ei rekkje praktiske problem ved eit ferdselsforbod:

  • Korleis skal det avgrensast geografisk?
  • Når skal det avsluttast?
  • Korleis skal det handhevast?
  • Kva med partia i fjellet som ikkje er skredterreng?
  • Er den moglege preventive effekten stor nok til å vege opp verdien av fridom og tilgang til naturen?

Han konkluderer med at det «antakeleg er meir å hente på andre og mindre inngripande tiltak».

I diskusjonen knytt til basehopping har Justisdepartementet slått fast at det er frivillig å utsetje seg for risiko i norsk natur, og at redningsaksjonar er gratis.

Stein Tronstad

– Allemannsretten er ikkje berre «heilag», han er innvoven i heile måten å leve på i fjell-Noreg, seier president i Noregs klatreforbund, Stein Tronstad.

Foto: NKF

President i Noregs klatreforbund, Stein Tronstad, gjer eit poeng av at det rundt rekna er ti gonger så mange som druknar i Noreg, utan at nokon diskuterer «ferdselsforbod» på sjøen av den grunn.

Allemannsretten er ikkje berre heilag, han er innvoven i heile måten å leve på i fjell-Noreg. Folk bur blant og bruker fjella. Derfor vil verken ferdselsforbod, sertifikatkrav, visumkrav eller moralisme fungere.

Det som fungerer, er informasjon, informasjon og informasjon, seier han.

Han viser til at talet på omkomne i skred i Noreg har lege stabilt sidan 1980-talet, på same tid som «trafikken» er tidobla.

Ulykkeshyppigheita har altså gått dramatisk ned. Folk er medvitne, dei kjenner til skredvarsla, og det store fleirtalet – både norske og utanlandske turistar – tek omsyn til faren og tryggingsreglane.

Some video med tips til topptur.

– Svekkjer tilliten til regulerande styresmakter

Skredforskar ved UiT, Audun Hetland er kategorisk motstandar av eit forbod og seier at nøkkelen er å møte dei tilreisande med «god informasjon, kompetanse og rettleiing».

Det er vanskeleg å sjå for seg korleis eit eventuelt forbod skulle handhevast og det opnar for mange vanskelege grensedragningar mellom når du er i og utanfor det som er forbode område.

Han legg til:

– Skredfare endrar seg også med forhold, slik at det som var ein farleg tur ein dag kan vere ein relativt trygg tur dagen etterpå. Det ville i så fall gitt oss ei forbodssone som er flytande, alternativt at du vil ha eit forbod som ikkje treffer. Begge delar svekkjer tilliten til regulerande styresmakter.

Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin, seier til NRK at dei «ønskjer ein brei debatt om førebyggjande tiltak mot alvorlege snøskredulykker velkommen».

Innanfor denne ramma har ho to mål:

  • Ingen skal døy i snøskred i Noreg
  • Allemannsretten må vernast

Vi er opptekne av å tryggje liv og helse, og må på same tid verne om at folk skal kunne ferdast fritt i norsk natur, seier ho.

Reporter Pål Hansen forklarer hva som har skjedd på Reinøya i Troms.

Reporter Pål Hansen forklarer kva skjedde på Reinøya i Troms.