Hopp til innhold

Eitt steg nærare gratis advokat til asylbarna

Med innsamlingsaksjonar over heile landet denne helga, har rettshjelpsdugnaden no samla inn over ein halv million kroner. Målet er at 400 asylbarn skal få gratis rettshjelp.

Rettshjelpsdugnaden i Bergen
Foto: Privat

Aina Heldal Bøe

INITIATIVTAKAR: Aina Heldal Bøe tok initiativet til rettshjelpdugnaden som vart arrangert i heile Noreg helga 1. og 2. november.

Foto: Runa Victoria Engen

– Målet er ein million kroner, så me er på god veg. Eg veldig positiv, og eg har veldig stor tru på at me skal nå den millionen, seier intiativtakar Aina Heldal Ble.

– Den totale oversikta har eg ikkje enno, men i Vang spelte Ole Paus, og der fekk dei inn bortimot 30 000 kroner. I Mandal fekk dei inn rundt 10 000, og totalt sett har me nok bikka ein halv million kroner til saman i landet, seier Heldal Bøe.

Rettshjelp til 400 barn

Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) har fått kutta all støtte, og det er dei som har gitt gratis rettshjelp til barnefamiliar som har vore lenge i Noreg.

– Då eg tok kontakt med dei før sommaren og spurte om dei ville vera med på dugnaden, så sa dei at dei ikkje hadde mogelegheit då dei ikkje hadde nok folk, seier Bøe.

NOAS og støttegruppa til Nathan Eshete skal no hjelpe alle lengeverande asylbarn til å søke om å få saka si vurdert på nytt.

– Takka vera dei pengane me no har samla inn, så vil det dekke to årsverk for NOAS som jobbar fulltid med rettshjelpsdugnaden, og når me målet vårt vil NOAS kunne vera i stand til å gi rettshjelp til dei vel 400 barna som no er lengeverande i Noreg, seier Bøe.

Fleire arrangement i Bergen

Rettshjelpsdugnaden i Ytre Arna

FLEIRE ARRANGEMENT: Rettshjelpsdugnaden fekk stor oppslutning i Noreg, og i Bergen var det fire arrangement.

Foto: Privat

Ein del kyrkjer har bidratt med pengar ved å gi kollekten sin til dugnaden, og det vil også fleire kyrkjer gjere i tida framover. Søknadar om pengar er levert fleire stader, men størsteparten av pengebidraga kjem frå privatpersonar.

Under rettshjelpsdugnaden som vart arrangert fleire stader i Noreg i helga, var det heile fire arrangement i Bergen.

– Det vart veldig bra. Me fekk 114 100 kroner på kunstauksjonen som me hadde på laurdag, og i går var det litt over 200 personar på Ole Bull Scene. Me har iallfall fått inn 140 000 kroner berre i Bergen, seier Aina Heldal Bøe.

– Denne helga har også vore med å setje fokus på saka, og det er mange nye folk som har fått vite om retthjelpsdugnaden og det store behovet som er for at desse barna får informasjon og at dei faktisk får rettshjelp, legg ho til.