Hopp til innhold

Eit snillare Odda

Kriminaliteten i Odda er nesten halvert dei siste to åra.

Gågata i Odda
Foto: Eivind H. Natvig/Bergens Tidende / Scanpix

Samtidig er rusmiljøet kraftig redusert.

Lensmann i Odda, Øyvind Rosseland, meiner at dette viser at det nyttar å splitta rusmiljøet og ta hand om gjengangarkriminelle.

- Den kriminaliteten som var i Odda frå 2002 til 2004 var svært ofte knytta til rus.

Uteliggarar og tunge narkomane

Saman med helse-og sosialetaten i Odda har politiet difor satsa spesielt på å få bukt med aukande rusproblem i kommunen.

Og det er det arbeidet som no har ført fram, meiner lensmannen.

Medan Odda tidlegare hadde problem med fleire uteliggarar og tunge narkomane, er rusmiljøet no eit heilt anna.

- Kan ikkje slappa av

- Nokre har flytta frå Odda, andre har fått tilbod om avrusning gjennom hjelpeapparatet og nokre går på legemiddelassistert hjelp. Rekrutteringa til rusmiljøet har ikkje vore stor i det siste, fortel Rosseland.

Både politi og kommune fortset arbeidet med å splitta rusmiljøet. Målet er eit endå betre Odda-miljø i framtida.

-  Me kan ikkje slappa av no. Me må berre halda fram med det trøkket me har gjort for å halda problemet vekke, meiner lensmannen.