I skulegarden på Slåtten skule i Førde, står ein heil flokk ungar i ring ikring ein litt eldre skuleelev. Ein sokalla spinnar hoppar frå finger til finger, spinn mellom tommel og peikefinger, eller roterer lynande raskt medan han vert kasta med i lufta.
Guten har teke spinnekunstane endå litt lenger enn dei hine.
Og, ikkje minst, han skaffa seg ein spinnar før det var for seint. For leikebutikkane kringom i landet undervurderte fyrst trenden, og vart raskt utselde.
– Ikkje sett makan på 30 år
Visse leikar brer om seg som farsotter i skulegardane. Nokre vil hugse den kraftige jojo-bylgja på 1980-talet, eller ungane som sat i ring og spela pog på 1990-talet, eller pokemonkorta som var so populære å byte innbyrdes nokre få år seinare.
Og no er det altso spinnarane som gjeld.
- Les også:
På "Gyngehesten" i Førde nærast kasta folk seg over leiken før det vart utseld.
– Vi hadde til og med besteforeldre som kom til butikken her for å kjøpe spinnarar som dei sende til barnebarna sine i Oslo, seier butikkstyrar Vera Larsen.
Og grossisten til Gyngehesten hadde ikkje på sine 30 år i bransjen sett ei vare som sel unna so snøgt.
Står i kø
– Eg såg andre i skulegarden spinne, og so googla eg "spinner". Då fann eg filmar med spinnartriks på Youtube, Snapchat og Mystory, seier ein gut i skulegarden som har fått tak i den populære leiken.
Mange born står i kø for å skaffe seg ein, somme hjå leiketøybutikkar, medan andre står i 3D-prentarkø for å få 3D-prenta ein spinnar.
– Min spinnar vert ikkje klar på nokre dagar enno, seier ein annan elev NRK treff i skulegarden.
Spinnaren han har tinga, skal verte prenta på 3D-prentar snart. Og 3D-prentaren skal prente ut kulelageret òg.
– Men eg er litt langt bak i 3D-printerkøen, fortel guten.
– Ikkje berre for moro skuld
Spinnarane er ikkje berre for gaman, om ein skal tru produsenten.
I reklamekampanjen går det fram at spinning av leiketøyet er ei god sysle for born med ADHD, og, den skal jamvel hjelpe borna mot stress.
I USA har spinnarane vorte bannlyste frå ein del skular, av di elevar spann inne i timane. Men eit slikt forbod er ikkje på trappene på Slåtten skule:
– Eg har ikkje høyrd nokre klager på at elevar brukar spinner, seier rektor Turid Irene Hatlem.
Ein elev i skulegarden skyt då inn at han har brukt spinner i timen, i skjul under bordet.
– Det er ikkje bra, seier rektor litt halvtstrengt. – Då spørst det om vi må forby heile spinnaren på skulen.
- Hugsar du denne?