Hopp til innhold

Eit korona-år i førstelinja: – Vi må berre stå i det til det er over

12. mars i fjor stengde Noreg ned. For ambulansearbeidar Tore Solbakken og andre i førstelinja i helsevesenet har det vore eit år i beredskap.

Eitt koronaår i ambulansetenesta.

UVANT: I starten var det uvant med dei strenge smittevernrutinane. No er det ein vane, seier ambulansearbeidar Tore Solbakken i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi tenker alltid smittevern. Men vi visste lite om korona og kva det innebar, seier Tore Solbakken, ambulansearbeidar i Helse Førde.

Det har gått eit år sidan landet stengde ned og omfattande tiltak vart innført for å nedkjempe koronaviruset. Solbakken er ein av mange helsearbeidarar som har stått i førstelinja.

I starten var det litt uvant. Eit strengt skilje mellom rein og skitten sone i ambulansebilen. Hyppig nedvask av både bil og uniformer.

– I starten var det uvant å kle seg opp så mykje. No er det meir ein rutine og vane, fortel han.

Sjukepleiemangelen blei synleg

– Dei som har stått i førstelinja har lagt ned ein uvurderleg innsats som heile samfunnet no har sett verdien av, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund.

Larsen meiner sjukepleiemangelen forbundet «har varsla om gjennom mange år» blei meir synleg enn nokon gong.

– Mangelen på nok personale med riktig kompetanse fekk alvorlege konsekvensar for intensivkapasiteten, men sanneleg også for vanleg sjukepleiarkapasitet, særleg i kommunane, seier Larsen.

Ho legg til:

– Pasientane døydde mens dei kjempa for å klare å puste, mange med store smerter. Det har vore eit tøft år for sykepleiarar og andre i frontlinja mot koronaen.

Lill Sverresdatter Larsen

– EIT MARATON: – No må samfunnet lære i god tid før neste krise. Samfunnet treng ei livsviktig investering i livsnødvendig kompetanse, seie leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / SUNNIVA TONSBERG GASKI

Då pandemien braut ut oppdaga Helse Bergen at forsyningslinjene av utstyr ikkje var gode og stabile nok.

Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen, rosar rask handling og dyktige tilsette for at det ikkje vart «italienske tilstandar» på Haukeland sjukehus.

Må vere på vakt

Koronaåret har vore ei annleis tid, seier ambulansearbeidar Tore Solbakken.

Særleg er akutte situasjonar krevjande. Då skal ambulansearbeidarane handle raskt og samtidig vareta smittevernet.

Samtidig, Sunnfjord har ikkje hatt så mykje smitte samanlikna med dei store byane.

Korleis har det vore å stå i førstelinja?

– Det har greitt, men vi har hatt i bakhovudet at ting kan endre seg fort. Det såg vi då det var eit smitteutbrot her for nokre månader sidan, då blir vi meir på vakt, legg han til.

Då pandemien braut ut gjekk dei gang med å lage lister med folk kunne jobbe ekstra, ekstra bilar stod klare til bruk.

– Vi er i ein føre var-situasjon heile tida. Vi skal vere budde på det verste til ei kvar tid. No var dette eit nytt det verste, seier Solbakken.

– Er de trøytte no?

– Du er på jobb. Vi må berre stå det ut til dette er over.