Hopp til innhold

Sjukehuset hadde ikkje eit einaste visir då pandemien braut ut

Noreg var ikkje budd på ein mangel på smittevernutstyr. Under koronapandemien har helsevesenet kjøpt inn utstyr tilsvarande 100 års forbruk.

Lager med beskyttelesbriller

LAGER: Helse Bergen hadde 60 beskyttelsesbriller då pandemien braut ut. Sidan mars i fjor har dei brukt 7778 slike briller.

Foto: Helse Bergen /

  • 0 visir
  • 60 beskyttelsesbriller
  • 260 åndedrettsvern
  • 1135 smittevernfrakkar

Det stod på lager hos Helse Bergen då pandemien for alvor braut ut i Noreg for eit år sidan.

Sidan har helseføretaket stått i ei vedvarande utfordrande situasjon. I anledning årsdagen for dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid, har dei talt opp kor mykje smittevernutstyr som har gått med til kampen mot koronaviruset:

– Me tenkte at dei forsyningslinjene me hadde var gode og stabile nok. Me hadde ikkje tenkt så langt at dette kunne vere eit så sårbart ledd i ein pandemisituasjon, seier Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen.

– Dette burde eg tenkt på, som ansvarleg, seier Hansen.

Tømde nettbutikk for munnbind

Då dei ikkje kunne få tak i varer frå Kina, som sjølv blei først råka av koronaviruset, måtte sjukehusleiinga tenke annleis.

Hansen sette ein av sine beste menn på saka for å skaffe utstyr umiddelbart.

– Han ringde meg ein søndag og sa at han hadde funne ein nettbutikk i Førde, og spurde meg om vi skulle tømme butikken. «Ja. Tøm den», svarte eg, seier Hansen.

Han er heilt klar på at beredskapen ikkje var god nok. Han rosar rask handling og dyktige tilsette for at det ikkje vart «italienske tilstandar» på sjukehuset.

Pasient løftes av leger og sykepleiere på intensivavdelingen på Haukeland sykehus

FÆRRAST I NOREG: Intensivplassar som denne var det stor mangel på i starten av pandemien i fjor.

Foto: Katrine Sunde / Haukeland universitetssjukehus

Har brukt 333.000 frakkar

Også fleire sjukehus mangla utstyr.

– Vi hadde plan for influensapandemi, i tråd med nasjonale og regionale planar. Desse planane var ikkje dekkande for situasjonen som oppstod, seier medisinsk direktør Hilde Myhren ved Oslo universitetssykehus.

20. mars 2020 hadde dei mellom anna 24.001 frakkar og 20 visir på lager. Fasit etter eit år med koronapandemi er dei har brukt 332.982 frakkar og 54.963 visir.

Myhren seier at planane ikkje tok høgde for at dei kom til å mangle smittevernutstyr.

I Helse Møre og Romsdal hadde dei 8680 smittefrakkar på lager. Det siste året har dei brukt 119.775.

Helseminister Bent Høie seier at erfaringane knytt til utstyr er ein av dei største lærdommane frå den hektiske perioden i innleiinga av pandemien.

– Når beskyttelsesutstyret blir produsert i Kina, og dei blei ramma først, så blei tilgang på utstyr eit stort problem, seier han.

Eivind Hansen

TEK SJØLVKRITIKK: Administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Kolossalt mykje har endra seg

Han seier at Noreg no har bygga opp eit beredskapslager. Neste gang det kjem ein pandemi vil vi vere betre rusta, seier Høie.

– Vi kjøpte utstyr tilsvarande over 100 års forbruk for å dekke behovet. Det hadde vi ikkje hatt fantasi til å førestille oss. Men vi kjem til å vere betre førebudd om dette skjer igjen, seier han.

Også Helse Bergen-direktør Hansen seier at situasjonen er heilt annleis eit år seinare.

– Kolossalt mykje har endra seg. No har me stabile forsyningslager og beredskap på plass, seier Hansen.