Hopp til innhold

Eit fullstappa operahus hylla Oselie (14) og no skal ho på turné

NORDFJORDEID (NRK): Over 1000 personar tok turen til operahuset på Nordfjordeid for å feira Oselie Henden (14), etter at ho vann MGP-junior i helga.

Oselie Henden, MGP-junior vinnar

BLOMAR: Oselie Henden (14) fekk både blomar, kake og hyllest frå alle dei frammøtte i operahuset på Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Oselie Henden, kake, MGP-junior

KAKE: Ei stor kake med bilde frå finalen på laurdag var pynta og klar til festen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er veldig kjekt at så mange har kome her for å feira meg. Det var veldig gøy å stå på scena og sjå at folk song med og kunne songen min, seier Oselie Henden til NRK.

Like før klokka 19.00 gjekk ho på scena for å framføre vinnarlåten si «Verda Vår», framfor eit fullstappa operahus på Nordjordeid. Jubelen frå salen var massiv.

Gått fort

Det har gått to dagar sidan ho vann MGP-junior med låten «Verda vår» som er inspirert av flyktningkrisa. Laurdag fekk overrekt prisen av Vilde og Anna, som vann i fjor med låten «Vestlandet».

Med det vann elevar frå Nordfjordeid ungdomsskule musikkonkurransen for andre år på rad.

Oselie Henden, Vilde og Anna

TROFÈ: Vilde (t.v.) og Anna (t.h.) poserte saman med Oselie (midten) med bevisa på at dei har vunne MGP-junior, to år på rad.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Dette er heilt fantastisk. Hadde eg hatt oppskrifta på korleis vi har klart dette hadde vi gjort det oftare, seier ein smørblid kultursjef i Eid, Geir Holmen.

Over 1000 menneske hadde tatt plass i operahuset for å hylla Oselie, og blant gratulantane var Vilde og Anna som vann i fjor.

– Det var kult og ho var veldig flink. Det var veldig spesielt å kunne gje trofeet vidare til ho, seier dei om korleis det var at veninna vann på laurdag.

I forkant var eit av deira beste tips til Oselie at ho måtte nyta det.

– Eg har prøvd det og dei sa at det kom til å gå fort. Men at heile veka i forkant og dei to timane med direktesending på laurdag skulle gå så fort, det hadde eg ikkje trudd, seier Oselie, før ho gjorde seg klar til å framføra låten si.

Og no blir det turné på den nybakte MGP-junior vinnaren.

– Eg skal på turné i ein månad. Pappa blir med meg, seier ho.

– Har du tid til å vera vekke frå skulen så lenge?

– Nei, men eg får no ta med meg leksene på tur og gjera dei der, svarar ho.

Nordfjordeid, fest for Oselie Henden etter at ho vann MGP-jr

OVER 1000: I overkant av 1000 personar møtte fram i operahuset.

Foto: Silje Guddal / NRK
Se Oselie synge sangen Verda vår i finalen i MGPjr 2017.