NRK Meny
Normal

Oselie gjekk til topps i MGPjr

OSLO (NRK): Ei jublande glad Oselie Henden frå Eid vann MGPjr med låten «Verda vår».

Oselia er vinneren av MGPjr 2017. Se henne fremføre vinnerlåta.

VANN FINALEN: For andre året på rad, har ei jente frå Eid vinne finalen i MGPjr.

– Alle håper jo på å vinne, eg unner alle saman å vinne, men det blei meg, smilte ho frå scena.

Låten hennar «Verda vår» er inspirert av flyktningkrisa og det er tredje gongen ho hadde meldt seg på MGPjr. Oselie kjem frå Eid, same kommune som Vilde og Anna som vann finalen i fjor med songen Vestlandet. Det var dei to som overrekte prisen til den glade vinnaren.

– No har eg det heilt fantastisk. Eg blei glad og nøgd då eg blei ropt opp som superfinalist. Då eg vann klikka det heilt, og eg fekk nesten tårer i auga, jublar ho.

Oselie vann MGPjr

500 EIDARAR: Det var nærast elektrisk stemning i salen under finalen.

Foto: Privat

I år blei det sendt inn over 1255 bidrag, og ti stod ti unge artistar på scena i kveld. Sangen til Oselie har eit alvorleg og sterkt bodskap.

– Det handlar om at vi må ta vare på alle som kjem og ønskje dei velkomne. Eg har vakse opp med flyktningar og har brydd meg om dei sidan eg var liten.

Ho skreiv songen på berre to dagar og har ei klar oppmoding.

– Vi må lære å bry oss og ta vare på dei som kjem, for dei har ingenting.

No gler Oselie seg til det som skal skje framover.

– Det blir morosamt. Eg gler meg masse. Dei andre finalistane er ein hyggeleg gjeng og no blir det fest.

Glade foreldre

GLADE FORELDRE: Pappa Ole Petter og mamma Jannicke Henden var sjølvsagt på plass i Telenor Arena i kveld.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er eit minne for livet

Det var rundt 500 eidarar mellom dei 15.000 publikummarane i Telenor Arena i kveld.

Pappa Ole Petter Henden og resten av familien var sjølvsagt til stades. Han var strålande nøgd etter at dottera stakk av med sigeren.

– Dette var ein stor kveld i Telenor Arena, det er eit minne for livet. Eg er veldig glad og takknemleg for alt ho har vore med på. No skal vi feire etter at fire småsøken er lagde.

HØYR JUBELEN: Her fortel Oselie Henden korleis det var å vinne. Foto: Asgeir Reksnes, NRK

Ordføraren lovar fest

Alfred Bjørlo

I EKSTASE: Ordførar Alfred Bjørlo er svært stolt og glad i kveld.

Foto: Privat

Og feire, det skal også Alfred Bjørlo (V) som er ordførar i Eid. Han veit nesten ikkje kva fot han skal stå på av rein glede.

– Det er så ufatteleg. For ein personlegdom og for ei stemme. Og ikkje minst at tre jenter frå Eid har vunne MGPjr to år på rad.

Han var sjølv i Telenor Arena. Han fortel om ei nærast elektrisk stemning.

– Vi torde ikkje tru på det, at vi skulle ende i superfinale to år på rad. Og så vinne i år igjen. Eg klarer nesten ikkje ta det innover meg. No skal vi feire skikkeleg i år også, lovar ordføraren.

Han vil takke både Nordfjord og resten av Sogn og Fjordane.

– Det har vore ein straum av gratulasjonar. Det er mange som har stemt og folk i fylket er flinke til å heie på kvarandre.

Måndag kveld kl 18 blir det feiring av Oselie i Operahuset på Nordfjordeid.

– Det blir ope hus med kakefest og underhaldning, lovar ordføraren.

Se Oselie synge sangen Verda vår i finalen i MGPjr 2017.

VERDA VÅR: Oselie Henden frå Eid vann MGP jr. Her kan du sjå og høyre songen hennar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.