Hopp til innhold

Ein varm countryfestival

For 20. gong troppa cowboyar av alle slag opp til årets store hending på Breim. Norsk Countrytreff 2014 vart ein varm glede for dei rundt 10.000 frammøtte

Ein lang kø var torsdag på plass utanfor campingområdet på Breim. Alle venta på å få plass under årets countryfestival.

Fjord besøkte rundt 11.600 festivalen i år trur arrangørane at det er rundt 1000 færre.

– Vi såg at vi hadde noko færre besøkande enn det vi hadde i fjor, men det fylte seg godt opp både på øvre og nedre camping, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.

Varmt å vere cowboy

Både fredag og laurdag har dei besøkande kunne nyte countrymusikk frå Kolbeins Saloon midt på dagen og utover kvelden. Varmen midt på dagen gjorde at fleire cowboyar måtte gøyme seg i skuggen som var å finne.

– Folk har jo hatt eit ønskje om å sitje utafor kafescena vår, og fredag trur eg det vart vel varmt. Folk sette seg i skuggen og prøvde å lage skugge nokre plassar. Det var jo 30 grader i skuggen, og då er det varmt i solsteika, ler Solstad.

Så det såg litt tomt ut ei stund, forklarar Solstad. Men då det lei på kveld, kom dei cowboyhatt-kledde fram frå skuggen igjen og svinga seg på dansegolvet medan dei kunne nyte musikken frå banda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video: Runar Sandnes

Foto/Redigering Runar Sandnes

Straumen gjekk fire gonger

Arrangøren seier seg godt nøgd med årets program som hadde noko for ein kvar smak.

Under opningskonserten var tidlegare kulturminister Anniken Huitfeldt på plass. Ho var og på besøk på countryfestivalen i 2011 for å sjå om festivalen hadde potensial som knutepunktfestival. Noko den også fekk.

Folk frå fjern og nær hadde også i år teke turen for å få med seg årets countryfestival i Nordfjord-bygda.

– På Blugrass-konserten på fredag kom det folk heilt frå Bodø for å få med seg dei kjende amerikanske stjernene, fortel Solstad.

I «Lada’ne Malla» vart det fort utmeldt då Blågras hadde sin framferd.

– Her gjekk straumen fire gonger, men det skapte berre ekstra god stemning fortalde dei meg, ler Solstad

Ungdomen fekk også med seg det dei var ute etter. Det var countryrock med Gunslingers og allsong blant publikum.

– Laurdag trur eg stemma til Rita Eriksen trollbatt alle i publikum. Ein fantastisk konsert og ein av mine høgdepunkt, fortel Solstad.

Gjekk tom for vatn

Når vi får så mykje gode tilbakemeldingar så blir eg så glad på dugnadsarbeidarane sine vegner. Berre tenk på alt arbeidet dei legg ned for å skape Norsk Countrytreff, seier Solstad.

Sjølv om det vart litt varmt for folk så trur ho at folk kosa seg godt.

– Vi hadde bestilt inn mykje flaskevatn. For i og med at det var meldt god vêr, så hadde vi bestilt inn rikeleg. Men laurdag gjekk vi tom, og då måtte vi av å skaffe nye forsyningar.

– Så det har nok godt med mykje vatn òg i varmen. Det er veldig kjekt å kunne seie at vi drikker mykje vatn på countryfestivalen, ler ho.