Hopp til innhold

Ein tur til Oslo eller Bergen gir Torstein treningsnekt

FØRDE (NRK): Fleire treningssenter ber kundane skaffe negativ koronatest og halde seg vekke i ti dagar etter storbybesøk. Men dei kan ikkje tvinge kundane.

Torstein Sande

STØTTAR SMITTETILTAKA: Torstein Sande kjenner seg trygg når han trenar på treningssenter.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Eg synest det er veldig bra at dei tek smitteverntiltaka på alvor. Det gjer det tryggare for oss andre som trenar her, seier Torstein Sande.

Han har tatt plass ved eit treningsapparat ved Puls Førde og føler seg trygg.

Etter dei store smitteutbrota i Oslo og Bergen har treningssenteret i Sunnfjord skjerpa sine koronatiltak. Det gir ei ro, meiner Sande.

– Spesielt når det er så mykje smitte i dei store byane. Det er for alle sitt beste og eg håpar at folk tar oppmodingane på alvor, seier han.

Storby-karantene

Dei siste vekene har det vore meir enn 6000 registrerte korona-tilfelle i Noreg. Som ein del av kampen mot smittespreiinga er treningssenter i Oslo og Bergen stengt.

– Då vi såg at det vart nedstenging i byane, så venta vi at det ville komme ein del studentar heim som ville trene. Vi tok difor kontakt med kommuneoverlegen og bad om råd, seier Håvard Nesse Røneid, dagleg leiar i Puls Førde.

Håvard Nesse Røneid ved Puls Førde seier dei gjer det som er naudsynt for å kunne halde ope.

OPE: Håvard Nesse Røneid ved Puls Førde seier dei gjer det som er naudsynt for å kunne halde ope.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

I Førde har to treningssenter innført ei slags storby-karantene.

Dei ber kundane halde seg unna i ti dagar og at dei tek ein test. At treningssentera ikkje kan pålegge medlemmane dette er dei klar over.

– Men vi kan sterkt oppfordre folk til det. Vi vil førebygge smitte og gjere det som er fornuftig, seier senterleiar hjå Spenst Førde, Kent Roger Engdal.

Kent Roger Engdal, dagleg leiar på Spenst treningssenter.

FØREBYGGE SMITTE: Kent Roger Engdal vil førebygge smitte for ikkje å måtte stenge ned att.

Foto: Ingvild A. Eide / NRK

– Det sikraste ein kan gjere

Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes seier dei sjølv måtte bestemme kva dei ville gjere.

– Ynskjer dei å unngå mest mogleg smitte, så er karantene og negativ test det sikraste ein kan gjere i dag.

– Men er det behov for det?

– Det blir sagt at smitten i Bergen og Oslo er ukontrollert. Det vi har sett av smitte her lokalt kjem anten frå storbyane eller utlandet. Eg forstår godt at dei vel å gjere det på denne måten, seier han.

Kan ikkje seie at trening smittar

Tiltaka på treningssentera i Førde blir innført til trass for at Virke meiner få smittetilfelle kan sporast til treningssenter.

Ifølgje dei stod nordmenn for om lag 8 millionar besøk ved treningssenter etter gjenopninga i juni. Berre eitt smittetilfelle kan sporast tilbake til sentera.

– I områda der det er mykje smitte er det ein tydeleg del av dei smitta som ikkje kan seie noko om kor dei har fått det frå. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om tal på smitte-hendingar som har skjedd på treningssenter, seier overlege Are Stuwitz Berg ved FHI.

Kommunane Bærum og Asker varsla onsdag at dei også stenger sine treningssenter. Det skjer etter at Oslo sine nabokommunar har fått ei sterk oppmoding frå nasjonale helsemyndigheiter.

Torsdag kom det meldingar frå Voss om «treningsflyktningar» frå Bergen.