Hopp til innhold

No kjem den kontroversielle fjellandsbyen – neste vinter er dette landskapet totalt endra

Mange har protestert mot planane ved foten av nasjonalparken på Hardangervidda. Men no er det ingen veg tilbake for gigantprosjektet.

Sysendalen
Sysendalen

Sysendalen før og etter utbygging

Hotell. Velkomstsenter. Skianlegg og over 100 hyttetomter.

Det er berre litt av det som er planlagt i Eidfjord kommune, like ved inngangen til Hardangervidda og nasjonalparken der.

– Det blir også verkstad, varmestove og litt av kvart, seier Ivan Løvheim og peiker entusiastisk i alle retningar i Sysendalen.

Han er dagleg leiar i Eidfjord Resort, og har store planar for det store opne terrenget.

Det har vore fleire skjær i sjøen for det omstridde byggeprosjektet, og dei har halde på sidan 2009. No er dei nærare enn nokon gong, og hytter og tomter er allereie selde og reserverte.

Ivan Løvheim

NØGD: Dagleg leiar, Ivan Løvheim, med det som skal bli eit skianlegg i skoddeheimen bak seg.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Prosjektet er omstridt, og mange har prøvd å stoppe det. Både Statens vegvesen, Statsforvaltaren og fylkeskommunen har vore kritiske.

Til slutt måtte regjeringa gripa inn og gje grønt lys til fjellandsbyen.

No ventar Løvheim berre på eit igangsettingsløyve frå kommunen. Då går spaden i jorda og ting vil på alvor byrja å skje. Kommunen sjølv er for og ser fram til prosjektet.

Går alt etter planen, kan ein stå på ski i det nye anlegget allereie jula 2022. Dermed er dette siste haust og vinter området ligg urørt.

106 hyttetomter

I dag er området hovudsakleg myr og torv.

Mykje av dette må vike når 106 hyttetomter med veg og annan infrastruktur skal byggjast.

Myr har ei unik evne til å dempe verknad av flaum, og inneheld mykje karbon lagra gjennom fleire tusen år.

Ifølgje Løvheim er ikkje det eit problem.

– Me har verna ei 50-metersgrense rundt våtmarksområdet. I tillegg er myra såpass grunn at den ikkje fangar opp så mykje, hevdar Løvheim.

Alpinlandsbyen Eidfjor Resort på Hardangervidda, illustrasjon

STORE PLANAR: Slik skal det sjå ut når anlegget er ferdig.

Foto: Illustrasjon / Eidfjord Resort

Fryktar for villreinen

Utbygging i urørt natur skjer sjeldan utan reaksjonar.

Naturvernforbundet har heile tida vore ein motstandar av utbygginga.

Ifølge leiar for Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet, meiner han folk bør «tenka over om ein ville vera med på den vidare nedbygginga av norsk fjellnatur».

– Når me tar frå villreinen sitt leveområde, bit for bit, går det nedover. Dette er ein globalt trua art som me har eit ansvar for å ta vare på, seier Fliflet til NRK.

Løvheim avviser at dette er eit problem.

– Sist ein såg villrein i området var det om lag fem kilometer herifrå. Me har henta inn ekspertar for å dokumentera desse tinga, understrekar Løvheim.

I tillegg har det blitt bestemt at den øvste heisen i skianlegget skal stengast i kalvingstida. Ifølge Naturvernforbundet har det ingenting å seie.

– Viss ein fyrst byggjer eit svært anlegg trur eg ikkje det er sånn at villreinen kjem inn og tenker «her står heisen i ro, så her kan eg kalva og kosa meg». Det trur ikkje har noko å seie frå eller til.

Gabriel Fliflet

NEI TAKK: Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Gabriel Fliflet meiner at eit så stort prosjekt øydelegg for naturen og villreinen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Viktig for Eidfjord

Ordføraren i Eidfjord, Anders Vatle frå Senterpartiet, kjem køyrande i ein stor traktor då me møter han i sentrum.

Han meiner prosjektet er viktig for kommunen, fordi så å seie alle litt over 900 innbyggjarane jobbar med turisme.

– Det gir oss høve til å bli ein heilårsdestinasjon. For utviklinga av det området er det svært viktig, seier Vatle.

– Det går utvilsamt utover naturen i området. Er du for arbeidsplassar til kvar ein pris?

– Nei. Me meinte at det området me tok var verd det, og det var kommunalministeren einig i, poengterer Vatle.

Anders Vatle, Eidfjord kommune (Sp)

VIKTIG: Ordførar Anders Vatle (Sp), meiner prosjektet er viktig for å gjera Eidfjord til ein attraktiv kommune heile året.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Naturvernforbundet og Gabriel Fliflet meiner Eidfjord burde skrinlagt prosjektet, trass i dei lova 75 arbeidsplassane.

– Det er ikkje bra å ha prosjekt som øydelegg urørt natur, meiner han.