Hopp til innhold

Nakkim: - Uklokt av Navarsete

- Høgst uvanleg, ukollegialt og desperat. Slik karakteriserer samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim, Liv Signe Navarsete si utblåsing mot Arbeidarpartiet.

Kyrre Nakkim

KRITISK: Kyrre Nakkim som er politisk kommentator i NRK meiner utspelet frå Navarsete var direkte uklokt.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Eg stussa veldig når eg høyrde intervjuet med Navarsete. Eg vil seie at måten ho kritiserer sine eigne regjeringskollegaer er å bryte spelereglane, seier Nakkim som er politisk kommentator og samfunnsredaktør i NRK.

Betent sjukehusstrid

Det har vekt sterke reaksjonar at Regjeringa har bestemt seg for å redusere fødetilbodet ved fleire sjukehus i landet.

Fødeavdelinga på Nordfjordeid nedlagd, medan fødetilbodet i Lærdal, Odda og Lofoten vert redusert til jordmordstyrt fødestove.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete har lenge kjempa for at lokalsjukehusa i Norge skal få behalde det tilbodet dei har i dag, men vann ikkje fram i den betente sjukehusstriden.

- Eg er totalt overkøyrd

På NRK Sogn og Fjordane si morgonsending onsdag gjekk Navarsete ut og sa at ho følte seg totalt overkøyrd i sjukehussaka.

- Eg er overkøyrd og trampa ned i denne saka. Denne saka er ei hjartesak for meg, og sjølv om eg vanlegvis er lojal med det regjeringa har bestemt, må eg få sagt til folket i Sogn og Fjordane at eg i denne saka er totalt overkøyrd, sa Navarsete mellom anna til NRK onsdag morgon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Intervju med Liv Signe Navarsete (kom. Reksnes)

TRAMPA PÅ: Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete kjenner seg totalt overkøyrd av kollegaene i regjeringa etter at Sp tapte kampen om viktige tilbod ved lokalsjukehusa,

Foto: Nyhetsspiller

- Desperat, ukollegialt og uvanleg

Men det kjensleladde utspelet var uklokt av Sp-leiaren meiner samfunnsredaktør i NRK, Kyrre Nakkim.

- Eg kan ikkje skjønne noko anna enn at dette er desperasjon frå Navarsete si side. Ho veit ho får mykje peppar lokalt for avgjerda til Regjeringa og vel då å seie frå på denne måten, seier Nakkim og legg til:

- Men det er ukollegialt og heilt uvanleg. Og det gagnar ikkje saka i det heile teke, seier Nakkim.

- Uheldig for samhaldet

Han meiner den krasse kritikken mot regjeringskollegaene er svært spesiell og trur ikkje den fell i god jord.

- Det tek seg ikkje ut å kritisere dei andre regjeringspartia for å stå for sine synspunkt, seier Nakkim.

Han viser også til at Regjeringa fleire gonger har vore skulda for dårleg samhald, og meiner det er uheldig at Navarsete går ut og er så tydeleg på at ho føler seg overkøyrd av sine partnarar.

- Ho burde sagt frå på ein anna måte enn å skildre det som at ho er trampa på. Ein kan nytte meir diplomatiske uttrykk, så ville ein levd betre med det, seier Nakkim.

- Om saka var viktig nok, kunne Sp trekt seg

Den politiske kommentatoren meiner Navarsete burde handtert saka annleis, og viser mellom anna til at ho sit i regjeringa sitt underutval.

- Det er det mektigaste utvalet i dette landet, og Navarsete kunne ha valt å ta dissens i vedtaket om sjukehusa. Ho kunne også valt å trekkje partiet ut av Regjeringa for å vise at dei ikkje kan vere med på dette, men så viktig har tydeleg saka ikkje vore, seier Nakkim.