Hopp til innhold

– Eg er totalt overkøyrd

Liv Signe Navarsete føler seg totalt overkøyrd i sjukehussaka. I kveld skal ho delta i eit lukka senterpartimøte i Operahuset i Eid.

Liv Signe Navarsete.

TOTALT OVERKØYRD: I denne sjukehussaka føler eg meg totalt overkøyrd.

Foto: NRK

Dette er den vanskelegaste saka eg har hatt.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete seier med tungt hjarte at kampen om sjukehussaka i Sogn og Fjordane er ei tapt sak. Dette har vore ei hjartesak for meg, som eg har kjempa over i lang tid. No har regjeringa kome med eit vedtak, som Navarsete ikkje forstår.

«Eg er overkøyrd»

– Eg er overkøyrd og trampa ned i denne saka, og eg har sagt at eg kjem til å seie dette offentleg. Denne saka er ei hjartesak for meg, og sjølv om eg vanlegvis er lojal med det regjeringa har bestemt, må eg få sagt til folket i Sogn og Fjordane at eg i denne saka er totalt overkøyrd, seier Liv Signe Navarsete til NRK.

Navarsete har gått mange runder med seg sjølv for å behalde fødeavdelinga og ortopedien på Nordfjord, saman med ortopedien på Lærdal og eit fødetilbod der.

– Eg har akseptert at eg måtte stå aleine, og eg måtte på eit tidspunkt innsjå at motkreftene var for sterke. Difor konsentrerte eg meg dei siste vekene om å få inn tilbod som kan gjere at lokalsjukehuset kan fortsette å vere gode tenesteytera for sine lokalsamfunn, seier Navarsete.

HØYR INTEVJUET:

Slaget er tapt

Fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter i Sp meiner det er på tide å gravleggje stridsøksa og sjå framover. Ho får støtte av Sigurd Reksnes

– Nordfjord må sjå framover og sikre seg mulighetane som regjeringa har sagt skal kome til Nordfjordeid, seier Sigurd Reksnes, ordførarkandidat og lokallagsleiar for Eid Senterparti.

– Tenker du Navarsete, at slaget no er tapt?

– Visst eg ikkje trudde at slaget var tapt, så hadde eg ikkje gitt meg. Eg har ikkje trua på at dei som vil leggje ned fødeavdelinga kjem til å snu. Det vil i så fall forundre meg sterkt, dersom dei gjer om vedtaket, seier Navarsete.

Lukka medlemsmøte

I Eid har det vore kraftige protestar etter vedtaket, seinast måndag demonstrerte fleire hundre nordfjordingar. Senterpartiet tapte kampen om fødeavdelinga og ortopedien på Nordfjord sjukehus. I dag kjem Liv Signe Navarsete til Eid for å møte partifeller der, i eit lukka medlemsmøte. Der skal ho møte nordfjordingane etter nedbygginga av fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus.

– Eg må få dei til å forstå at mi hovudsak var å få meir pengar inn til helseføretaket slik at vi kunne oppretthalde tenestene i Sogn og Nordfjord utan at det skulle gå på bekostning av sjukehuset, seier Navarsete.