Hopp til innhold

E39 blir framleis stengt

E39 ved Masfjordtunnelen blir ikkje opna i dag, på grunn av fare for ras. Det blir gjort ei ny vurdering i morgon. Vegen har vore stengt sidan det gjekk eit stort snøskred søndag ettermiddag.

Snøraset på E39 i Romarheimsdalen
Foto: Marie Furhovden / NRK

– Vi har vore i området i dag og gjort observasjonar. Det er ein del skredaktivitet i området framleis. Vi har observert svaskred og det har kome skred ned i vegbanen, seier geolog Julie Engelien Bjørlien i Statens vegvesen.

Det er uklart når vegen kan bli opna forbi rasområdet mellom Romarheim og Oppedal.

– Det er dårleg sikt i området som gjer det ekstra utfordrande å brøyte i området, seier Bjørlien.

Det blir gjort ei ny vurdering i morgon klokka 10.00.

Knuste ruter i bilane

Elleve personar i fire bilar opplevde marerittet i går kveld, då store snømengder rasa over europavegen. To personar fekk kuttskadar då frontruta på bilen vart knust. Dei måtte krabba ut av bakruta for å kome seg i tryggleik.

Også eit lite barn fekk mindre kuttskadar då sidevindauget på bilen vart blåst inn av dei veldige snømengdene.

Geolog Julie Engelien Bjørlien i Statens vegvesen

Geolog Julie Engelien Bjørlien vurderte i dag om europavegen kunne opna igjen. Dårleg sikt og skredaktivitet i området gjer at vegen ikkje blir opna i dag.

Foto: Marie Furhovden / NRK

– Vi var veldig uroa då vi fekk meldinga, og vart sjølvsagt letta då vi høyrde at alle kom frå det med livet i behald, seier Helge Eidsnes, regionvegsjef i Statens vegvesen region vest.

– Med den topografien og rashistorikken vi har her på Vestlandet, så veit vi at slike ras kan få store konsekvensar. Det gjorde det og her. Likevel har det vore små marginar som gjorde at alle kom frå det utan store skadar, fastslår han.

Elles oppfordrar Vegvesenet å køyre om riksveg 5 frå Skei til Lærdal og E16 vidare til Bergen.

Sjå flyfoto frå rasstaden måndag:

Slik ser det ut ved snøskredet som gjekk søndag kveld på E39 i Romarheimsdalen.

VIDEO: Sjå helikopterbilete frå E39 ved Romarheim.