Hopp til innhold

Dyrebeskyttelsen slår alarm: Kraftig auke i heimlause kattar

TERTNES (NRK): Kapasiteten til Dyrebeskyttelsen er sprengt lenge før «dumpingsesongen» er starta. – Vi er leie av å rydde opp etter uansvarlege eigarar.

Renner inn med kattar hos Dyrebeskyttelsen Bergen

BLEI FUNNEN I EIN BLODPØL: Med knekt bakfot og store sår blei denne katten levert til Dyrebeskyttelsen. Styreleiar i Bergen, Inger Johanne Graff, tar hand om katten saman med over 170 andre dyr.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Sommaren står for døra og dyrevernorganisasjonane rustar seg for høgsesong. Men allereie før ferietida er starta, har det rent inn med kattar og andre husdyr som treng livsviktig hjelp.

Tal NRK har henta inn frå heile Noreg, syner at det er kome inn minst 179 fleire kattar i årets fem første månader enn i tilsvarande periode i fjor.

Dyrebeskyttelsen si avdeling på Tertnes i Bergen har fått inn 160 prosent fleire kattar enn i fjor, og har nådd smertegrensa på kor mange dyr dei kan hjelpe.

– Kattar blir gitt vekk i øst og vest, og er jo billigare enn ein berepose. Om ein ikkje vil ha katten, så berre dumpar ein han. No er vi leie av å rydde opp etter uansvarlege eigarar, seier styreleiar Inger Johanne Graff.

– Store mørketal

På Nord-Jæren har dei tatt inn 98 kattar i år, men med sprengt kapasitet har dei måtta sagt nei til å hjelpe omtrent like mange.

Ifølgje leiar for Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, er det liknande tilstandar over heile landet.

– Vi tok i mot om lag 7600 dyr i 2017, og 8300 dyr i 2018. Og slik det ser ut no, så blir det ei endå større auke i år. Og dette er berre dei dyra vi får inn. Det er store mørketal, seier Roaldset.

Kattar og hundar blir tatt god hand om hos Dyrebeskyttelsen.

NYKOMMARANE: Dei nye kattungane som blei funne i ein kattekoloni får god behandling hos dei frivillige i Dyrebeskyttelsen, her ved Sølvi Hindøy og Mona Svanberg.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Vil ha påboden ID-merking

Graff har jobba med å redde dyr i over 20 år. Aldri før har ho fått inn så mange kattar som no.

– Vi jobbar døgnet rundt, for no renn det inn kattar. Av alle dei om lag 250 dyra vi tok inn i fjor, var berre tre av dei ID-merka.

Roaldsen er klar på kva som er løysinga på problemet med heimlause dyr. Dyrebeskyttelsen har tidlegare teke til orde for eit påbod om ID-merking, men førebels ikkje fått gjennomslag.

– Eit påbod om ID-merking ville løyst mykje. Då må folk tenke seg om før dei skaffar seg kjæledyr, seier ho.

Fullt hus hos Dyrebeskyttelsen Bergen

FEKK INN 69 KATTAR PÅ TRE VEKER: Inger Johanne Graff, Charlotte Graff og Mona Svaberg kan fortelje om tre travle veker i fjor sommar.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Landbruksministeren seier nei

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) meiner ID-merking ikkje er løysinga.

– Eit slik påbod vil ikkje ha den nytteeffekten vi håpar på, og vi har ikkje nokon som kan handheve eit slikt påbod. Det er først og fremst eigarane sjølv som må ta dette ansvaret og ikkje det offentlege, seier statsråden.

Graff har ikkje trua på at katteeigarane tar eit slikt ansvar sjølv utan eit påbod.

– Vi har sett det i fleire år at folk ikkje er villige til å ta den eingongskostnaden det er å få merka kattane sine. Vi er makteslause om ikkje politikarane og det offentlege grip inn.