Draumen om majestetisk utsikt og Noregsferie gjer at fleire vil spenne på seg fjellskoa dei neste månadane. Blant anna har 170.000 nordmenn planar om å gå Besseggen i sommar.
Men er du på dagstur og nauda melder seg, så må du i år bruke guds frie natur fleire stadar.
Dei fleste hyttene til DNT har utedo, medan nokre av dei betente hyttene har innandørs toalett. I år får ikkje dagsturistane bruke toaletta på dei sjølv- og ubetente hyttene.
– For å kunne ha eit tilbod til alle som ynskjer å kome seg ut på tur i sommar, er vi heilt nøydde til å ha restriksjonar som dette. Vi gjer det for å hindre smittespreiing og smittepress, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.
No oppmodar han turfolk om å ha med seg ein pose.
– Vi oppmodar alle til å ta med ein liten pose og ein liten spade, slik at du kan grave eit lite hol om du må på do, seier Solvang.
Må bestille toalettbesøket
Skåla i Nordfjord sine 1843 høgdemeter er eit ynda turmål, og nokre kallar det for Noregs lengste motbakke.
Dagsbesøkande har tidlegare fått lov til å bruke toaletta på toppen, men det er det slutt på i år. Når DNT opnar dørene på gløtt, så vert det berre overnattande gjestar som får nytte doskåla.
– Folk må finne ei løysing sjølve i år, seier Per Arne Aadland, som er hyttedriftansvarleg i DNT Hordaland.
Dagsbesøkande må rett og slett bruke naturen som toalett.
Aadland meiner det er beklageleg at det er slik, og at det er ei utfordring, men at dei må gjere det på grunn av smittevernreglane og for å ha kontroll på smittesporing.
Plakatar langs vegen
Ved foten av Sognefjellet i Luster ligg Turtagrø hotell. Fjellfolk strøymer til Turtagrø både sommar og vinter, men heller ikkje her kan dagsturistar og teltarar bruke toalettfasilitetane.
Langs heile vegen fram til overnattingsstaden heng det plakatar, som opplyser om at det ikkje er ope for dagturistar.
– Vi får nokre e-postar og meldingar på Facebook frå dei som vil innom, men folk tar det fint, seier hotellsjef Ingunn Veka.
Langt frå alle har fått med seg plakatane langs vegen.
– Nokre har trassa plakatane og tatt seg inn, men dei har måtte snu, seier Veka.
Hotellsjefen seier dei vil ta ei ny vurdering i juni på smitteverntiltaka saman med smittevernoverlegen.