Hopp til innhold

Kåre (77) ville gi bort død hønsehauk. No må han møte i retten

77-åringen kjempa mot ein hønsehauk som hadde tatt turen inn i hønseburet hans. Så la han ut hauken på Finn. No må Kåre Torbjørnsen møte i retten.

Hønsehauken Kåre Torbjørnsen drap

Denne hønsehauken la Kåre Torbjørnsen ut gratis på Finn.

Foto: Privat

Ein septemberdag i fjor kom ein ubeden gjest inn i hønseburet på tunet til Kåre Torbjørnsen på Tysnes.

– Han hadde rive i sund ei høne. Eg gjekk inn med berre nevane, vel vitande om at hauken er kjend for å gå etter auge, fortel Torbjørnsen.

I om lag ti minutt kjempa mann mot hauk i buret. Omsider fekk Torbjørnsen tak i hauken og knekte nakken på han.

Hønsebur til Kåre Torbjørnsen

I dette hønseburet utspelte dramatikken seg.

Foto: Privat

– Eg var heilt oppskrapa. Eg blødde på armane og måtte til lege for å få stivkrampesprøyte og antibiotika, fortel han.

Så skreiv han om hendinga i eit innlegg på Facebook.

Haugesunds avis omtalte saka først.

Ville gi han vekk gratis

Ikkje lenge etter fekk han ein kommentar frå ein av Facebook-venene sine.

«Er du klar over at hønsehauken er freda?»

– Det var eg ikkje. Då eg vaks opp hadde jo alle høns, og den som skaut ein hønsehauk fekk ein klapp på skuldra, det blei sett på som ei velgjerning.

Hønsehauken har vore totalfreda sidan 1971, med nokon lokale unntak, ifølgje Store norske leksikon.

Død hønsehauk

Torbjørnsen tenkte at nokon kunne få glede av å stoppe ut hønsehauken. Difor la han ut annonsen om gratis hauk på den digitale marknadsplassen Finn.

Foto: Privat

Torbjørnsen meinte det var synd å la dyret gå til spele. Han la difor hauken ut i ei «givast bort» annonse på Finn.

– Då slo hauken til igjen, seier han (med glimt i auget).

Ein Finn-brukar såg innlegget og gjorde Torbjørnsen merksam på at det var miljøkriminalitet, og at han kom til å melde han til ulike dyrevernorganisasjonar og til politiet.

– Det gjekk ein støkk i meg og så tenkte eg «kor dumt av meg». Men gjort er gjort.

Kåre Torbjørnsen

Torbjørnsen seier han angrar på at han la ut innlegga på Facebook og på Finn.

Foto: Privat

Førelegg på 16.000 kroner

Politiet fekk varsel frå ein innringar og tok også imot ei melding frå dyrevernorganisasjonen Noah. Det stadfestar politiadvokat Cathrine Melau i Vest politidistrikt.

Dei etterforska saka og gav Torbjørnsen eit førelegg på 16.000,- for ikkje å ha varsla om avlivinga av hønsehauken, ikkje for sjølve avlivinga, presiserer politiadvokaten.

– Det er straffbart å ikkje melde frå til politiet, og det er også straffbart å oppbevare eit freda dyr utan løyve, seier Melau.

Torbjørnsen har ikkje har godtatt førelegget og saka går difor til retten.

– Det verkar heilt meiningslaust å betale 16.000 for det som skjedde. Det vil eg ikkje godta, seier Torbjørnsen.

Les også Strengare straff for vald mot dyr

Ein svartbak blei ulovlege skoten i Sogn og Fjordane i 2022.

– Burde ha sleppt den ut

Siri Martinsen i dyrevernorganisasjonen Noah stadfestar at dei har meldt Torbjørnsen til politiet.

– Det er viktig melde frå om saker der folk tek seg til rette overfor freda, ville dyr.

Siri Martinsen

Siri Martinsen er veterinær og fagleg leiar i Noah.

Foto: NOAH / Bente Isefjær

Ho peikar på at hønsehauken er ein raudlista art. Likevel har ho forståing for at han prøvde å beskytte hønsa sine frå eit vilt dyr.

– Men når han fekk tak i fuglen burde han ha sleppt den laus utan å ta livet av han.

Torbjørnsen seier han ville beskytte hønsa sine.

– Eg forstår at Noah er veldig opptekne av at dyr og fuglar skal bli tatt vare på, men det er eg og. Vi er ikkje i kollisjon der. Eg visste ikkje at eg gjorde noko gale.

Martinsen seier Noah ikkje har hatt så veldig mange saker med freda rovfuglar tidlegare.

– Men diverre er det ganske vanleg at folk tek seg til rette og avlivar ville dyr. Det er også relativt vanleg med plaging av ville dyr, seier ho.

Økokrim meiner det er store mørketal når det gjeld lovbrot mot freda rovfuglar og rovdyr generelt.

Skal forsvare seg sjølv

Når saka går for Haugaland og Sunnhordland tingrett på Stord 14. september, skal 77-åringen forsvare seg sjølv.

I løpet det siste året har han difor lese seg opp på juss på eiga hand. Han fortel at han er spent før rettssaka.

– Eg satsar på frikjenning.

Les også Brukte motorsag for å ødelegge havørnreir: – De fleste slike saker henlegges

Fra Vega, med utsikt mot øya Søla