Hopp til innhold

Dømt til fengsel i halvanna år etter dødsulukka i Kjølsdalen

Mannen som var tiltalt for aktlaust drap etter å ha køyrt på to kvinner i Kjølsdalen i romjula 2018, er dømt til fengsel i eit og år og seks månader.

Lys og blomar på ulukkesstaden

MISTE LIVET: To kvinner miste livet i ein påkøyrsel i Kjølsdalen romjula 2018. No er sjåføren dømt til fengsel i halvanna år.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

55-åringen frå Nordfjord er òg dømt til å betale erstatning til dei etterlatne og er frådømd førarretten for alltid, kjem det fram i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

Det var i romjula 2018 to kvinner omkom etter at dei vart påkøyrt på ein gangveg i Kjølsdalen i Stad kommune. Mannen var rusa på amfetamin då ulukka skjedde.

Dommen er i tråd med påstanden frå aktor.

Tek tenketid

Forsvarar Oscar Ihlebæk seier det ikkje er bestemt om dommen blir anka.

– Eg snakka med klienten min i går. Vi er einige om at vi tar 14 dagar tenketid. Vi tar ikkje avgjerder om korleis vi skal handtere dommen før den tid, seier Ihlebæk til NRK.

Han seier klienten hans er skuffa over dommen.

– Han hadde håpa på eit anna resultat og det er nettopp derfor han ønskjer tenketid, seier Ihlebæk.

– Grundig dom

Nordfjordingen er dømt til å betale erstatning til sju etterlatne, på 125.000 kroner kvar. Totalt må han betale 875.000 kroner i erstatning.

Aktor Kristine Herrebrøden karakteriserer dommen frå Sogn og Fjordane tingrett som «grundig og god».

– Påtalemakta ser at tingretten deler vårt syn både på bevisa i saka og på kva straff som bør utmålast, skriv Herrebrøden i ein kommentar til NRK.

Statsadvokat Kristine Herrebrøden i Sogn og Fjordane tingrett 26. februar 2020.

AKTOR: Aktor Kristine Herrebrøden seier tingretten deler påtalemakta sitt syn på bevisa i saka og straffeutmålinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ei påkjenning

Bistandsadvokatane i saka seier klientane deira no håpar å kunne bli ferdige med saka.

– Klientane mine sluttar seg til det retten har kome fram til. Dette har vore ei stor påkjenning for dei. Dei håpar at saka kan bli avslutta i denne instansen, seier bistandsadvokat Ann Mari Bjørlo.

– Dei etterlatne håpar ein no kan legge saka bak seg. Det står igjen å sjå, kommenterer bistandsadvokat Paul-Inge Angelshaug.

​​​​​