Hopp til innhold

Rusa sjåfør køyrde i hel to kvinner – nektar straffskuld

Dei to venninnene mista livet då den rusa sjåføren mista kontrollen og køyrde på dei. Men mannen meiner at han ikkje kan straffast for det som skjedde.

Lys og blomar på ulukkesstaden

TO DØYDDE: Dei to venninnene var ute og gjekk tur, då dei blei påkøuyrde og døydde momentant.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

Anne Lise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) ante fred og ingen fare, då dei gjekk på tur på gangvegen langs riksveg 15 i Kjølsdalen i Nordfjord, 3. juledag i 2018.

Klokka er om lag ti på halv ni om kvelden.

På riksvegen kjem den amfetamin-rusa mannen i 50-åra køyrande. Han mistar kontroll over bilen og køyrer inn på gangvegen og treffer dei to kvinnene. Begge døyr momentant.

Påtalemakta meiner at han enten sovna eller var uoppmerksam då ulukka skjedde.

Auka ulukkesrisiko

No startar rettssaka mot den 55 år gamle nordfjordingen. Påtalemakta meiner at han må dømmast for to aktlause bildrap.

Men i tingretten i Førde i dag, så kjem mannen til å nekte straffskuld.

– Det er ikkje tvil om at han er gjerningsmann bak denne svært beklagelege ulukka. Men han meiner at han ikkje kan straffast for det, seier mannen sin forsvarar, Oscar Ihlebæk.

Blodprøvene synte at mannen hadde ein cocktail av amfetamin og roande medisinar i blodet då ulukka skjedde.

I april i fjor sa professor i farmakologi, Jørg Mørland, at den mengda rusmiddel kan auke ulykkesrisikoen mellom 20 og 30 gongar.

Ektemannen vil snakke

Kjølsdalen er ei lita bygd i Stad kommune, der alle kjenner alle.

Dødsulukka gjorde eit sterkt inntrykk på alle. Prost Rolf Schanke Eikum skildra det slik etter minnestunda.

– Det har vore godt samhald i bygda, både gjennom dugnadsånd, gjennom tidlegare ulukker og ting som har skjedd.

I løpet av rettssaka vil ektemannen til ein av dei avdøde kvinnene ta ordet og fortelje om sine tankar etter det politiet meiner er eit dobbelt bildrap.

– Frykteleg ventetid

Det vil bli avhøyrd ei rekkje vitne og retten vil også reise til Kjølsdalen for å sjå åstaden.

Den bildrapstiltalte mannen har hatt ei tung tid etter det som skjedde i romjula 2018, seier mannen sin forsvar Oscar Ihlebæk.

– Han har hatt ei frykteleg ventetid frå det som skjedde i romjula i 2018 og til no. Eg trur sjeldan eg har hatt ein klient som har hatt så behov for kontakt med eigen forsvarar, som tiltalte i denne saka.

Verken statsadvokat Kristine Herrebrøden eller dei to bistandsadvokatane, ønskjer å uttale seg i saka.

Kjølsdalen