Hopp til innhold

Mann (58) flaug med ulovleg motor i eitt år før han havarerte

Mannen bygde om motoren og laug til styremaktene om det. Eitt år seinare havarerte han med to passasjerar om bord. Straffa: 14 dagar i fengsel.

Småfly som måtte nødlande.

HAVARERTE: Småflyet måtte naudlanda i 2017 med tre personar om bord. Det fekk store materielle skader.

Dommar Bjørg Kvelstad legg ikkje fingrane i mellom når ho karakteriserer 58-åringen frå Bergen.

«Han har overdrivne forestillinger om egen kompetanse», står det i den ferske dommen i Hordaland tingrett.

«Tiltalte endret vitale deler i flyets motor, og han brukte deretter flyet mange ganger, også med passasjerer (..) til tross for at fartøyet ikke var luftdyktig og ikke hadde gyldig luftdyktighetsbevis».

Sjølvbyggingsfly

Han var både eigar, brukar og fartøysjef av sjølvbyggingsflyet han kjøpte i Sverige.

I januar 2016 sende han Luftfartstilsynet ei liste med ei rekke ting han ønska utført på flyet, inkludert motoren:

«Har planer om å bruke flyet ein del til turbruk og det innebærer turer over fjellet. Motoren blir ganske slapp grunnet tynnere luft. En turbo hadde vært tingen, men koster fort 30.000 Euro + mva.».

Derfor ønska han heller å installera eit ombyggingssett «som aukar slagvolumet med 10 %.»

Flaug og laug

Tilsynet gav han ikkje løyve til dette. Likevel monterte han på eiga hand eit såkalla «big bore kit» i flyet sitt. Februar 2016 søkte han om luftdyktighetsbevis for flyet.

«Motoren blir det ikke gjort noe med foreløpig. Endring av slagvolumet er satt på vent,» skreiv han til Luftfartstilsynet.

Dermed fekk mannen flyet registrert og godkjent i Noreg.

Dommen konstaterer at mannen har erkjent både ombygginga og at han svarte usant til tilsynet.

Avslørt av motorhavari

Eitt år seinare var mannen på tur med to passasjerar. Flyet fekk motorhavari og måtte naudlande. Havarikommisjonen, som skreiv rapport mars 2019, oppdaga dei uoriginale delane i flyet.

«Han fløy med dette til flyet havarerte, det er enighet om at tiltalte hadde fløyet 78 timer frå modifikasjonen og til havariet,» heiter det i dommen.

Flystyrt

LANDA PÅ ISEN: Den ulovlege ombygginga vart oppdaga etter naudlandinga på det snødekte vatnet i 2017.

«Er vant til å skru»

Mannen er ikkje flymekanikar, men opplyste i retten at han er maskinist. Han forklarte at han «er vant til å skru på ting, og dette var en enkel sak». Han meiner endringa var «en liten modifikasjon» og «at flyet var minst like sikkert etter modifikasjonen».

Ein flyteknisk inspektør i Luftfartstilsynet kalla derimot ombygginga «en stor modifikasjon. Motoren får fleire hestekrefter, og det påvirker flyets struktur.»

I eit servicedokument frå produsenten av ombyggingssettet står det om den aktuelle flytypen «at man ikke må sette inn et slikt kit.»

Ifølge dommen let mannen vera å opplysa om ombygginga fordi luftfartsmyndigheitene «er ikke alltid så grei å ha med å gjøre (...) da ville han vært i gang med papirmøllen».

«Stor risiko»

Dommaren konkluderer at brota på luftfartslova er alvorlege.

Tingretten slår fast at mannen «hadde utsatt seg selv og passasjerene for stor risiko. Tiltalte har også utvist et fast forbrytersk forsett».

Retten viser til at han hadde mange høve og lang tid på seg til å melda frå om modifikasjonen.

Flystyrt

STORE SKADAR: Havarikommisjonen som skreiv rapport etter ulukka, oppdaga den ulovleg modifiserte flymotoren.

Også dømt for drap

Som om ikkje dette var nok, er bergensaren nyleg dømt til 90 dagar fengsel for aktlaust drap i samband med ei trafikkulukke som skjedde i åra etter flyhavariet.

Både aktor og retten meiner 36-45 dagar ubetinga fengsel i utgangspunktet ville vera riktig straff for den ulovlege ombygginga og flyginga. Mannen har likevel fått strafferabatt fordi han eigentleg hadde hatt rett til å få ein felles dom for flyombygginga og trafikkulukka.

Dessutan tok det eitt år før politiet starta etterforsking, og over eit halvt år frå tiltalen til rettssaka.

14 dagars fengsel

Derfor er han i flysaka berre dømt til 14 dagar fengsel og 5000 kroner i sakskostnadar.

58-åringen har ikke erkjent straffskuld. Forsvarar Lasse Solberg la ned påstand om frikjenning.

– Mannen er ueinig i dommen, men har ikkje tatt stilling til om han vil ta belastninga med å anka, seier Solberg.