Domstein-konsernet sin eigardel er no på vel 15,2% i selskapet som dei kontrollerte vel 35% av for fem år sidan. Ved siste aksjeutvidinga vart andelen redusert med dryge 3%.
Årsaka til at Fjord Seafood trykkjer opp fleire aksjar er investeringa i Cermac, dei treng friske pengar for å kunne finansiere kjøpet i fôrselskapet.
Paradoks
Rolf Domstein ser paradokset i at Domstein etter fleire tunge år som storaksjonær i tapssluket Fjord Seafood no får ein mindre andel når Fjord Seafood ser ut til å vere over krisa. Domstein får ein ny sjanse til å auke andelen seinare i ei ny aksjeutviding, men Rolf Domstein seier dei ikkje har bestemt seg for om dei vil delta.