Hopp til innhold

Dømd til fengsel etter køyring med 2,48 i promille

Ei kvinne i 50-åra frå Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 27 dagar og fråteken retten til å køyra bil i tre år, etter å ha krasja med 2,48 i promille.

Med store mengder alkohol i blodet sette kvinna seg bak rattet på ein personbil tidlegare i år. Køyreturen enda over ein midtrabatt og øydela eit trafikkskilt.

Fengselsstraffa på 27 dagar er vilkårslaus og i tillegg har ho fått ei bot på 30 000 kroner. Grunna tap av førarkort i så lang tid må ho avlegga ny førarprøve for å få det tilbake.